Victoria-linja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linjer i
London Underground
  Bakerloo
  Central
  Circle
  District
  Hammersmith & City
  Jubilee
  Metropolitan
  Northern
  Piccadilly
  Victoria
  Waterloo & City
 
  Docklands Light Railway
  London Overground

Victoria-linja er ei linje i London Underground. Den ligg på djupt nivå, og går frå Brixton i sørvest til Seven Sisters og Walthamstow i det nordaustlege London. Linja blei bygd i 1960-åra for å avlaste eldre linjer som var overbelasta, spesielt Piccadilly-linja, og den opna i 1968. Den blei konstruert for å tillate så mange linjebyter som mogleg, men samstundes med god avstand mellom stasjonane for å kunne få høg fart. Med unnatak av depotet går heile linja under bakken. Victoria-linja er merkt av med lys blå farge på undergrunnskartet.

Ansvarleg for vedlikehald og utvikling av stasjonar og linjemateriell etter den privat-offentlege avtalen mellom britiske transportstyresmakter og to private jarnbaneføretak (Public-Private Partnership) er Metronet Rail.

Mange av stasjonane langs linja blei bygde om for å tillate passasjerane å byte linje så enkelt som mogleg. I nokre tilfelle blei Victoria-linja plassert ved sida av eksisterande linje, og i andre blei den køyrd inn på ei eldre plattform medan ei ny blei bygt til den eldre linja.

Pr. februar 2005 hadde linja 43 tog av 1967-modell. Kvart tog har åtte vogner fordelte på to samankopla togsett. Toga er automatiske; togføraren treng berre å lukke dørene og trykkje på ein startknapp. Deretter sørgjer det automatiske togstyringsystemet for at toget køyrer i trygg snøggleik til neste stasjon og stoppar der. Systemet har vore i drift sidan linja opna. Nye togsett blir leverte av Bombardier Transportation i perioden 2009-2012. Bilete av desse finst på Heimesidene til Metronet Rail.

Kart[endre | endre wikiteksten]

Kart over Victoria-linja

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

Frå nord til sør

  • Walthamstow Central
  • Blackhorse Road
  • Tottenham Hale
  • Seven Sisters
  • Finsbury Park
  • Highbury & Islington
  • King's Cross St. Pancras
  • Euston
  • Warren Street
  • Oxford Circus
  • Green Park
  • Victoria
  • Pimlico
  • Vauxhall
  • Stockwell
  • Brixton