Col de la Colombière

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

x

Col de la Colombière
Passhøgda

Passhøgda

Nordsida Sørsida
Passhøgd 1 613 m
Département Haute-Savoie, Frankrike
Stader Scionzier Le Grand-Bornand
Samband Passveg
Vinterstengt Desember - april
Fjellområde Dei franske Alpane
Profil
Klatrekategori 1 2
Stigning (snitt) 6,9 % (1 108 m / 16 km) 5,8 % (690 m / 12 km)
Stigning (maks) (ved km 10) (ved km 9)
Kart
Col de la Colombière (Frankreich)
Col de la Colombière
x x
Koordinatar 45° 59′ 32″ N, 6° 28′ 33″ AKoordinatar: 45° 59′ 32″ N, 6° 28′ 33″ A

Col de la Colombière er ein fjellovergang med ei høgd på 1 613 moh i Dei franske Alpane, Département Haute-Savoie. Vegen knyter saman Arve-dalen ved Cluses med Borne-dalen ved Le-Grand-Bornand. Derfrå går ein veg over ein liten rygg til Annecy eller over Col des Aravis til Arly-dalen. Vegen er ikkje viktig trafikalt, då det i begge tetningar går kortare og betre utbygde vegar gjennom dalane.

På nordsida ligg landsbyen Le Reposoir som er kjend for den spesielle osten reblochon som ofte blir brukt i den lokale ostefonduen.

Sykkelsport[endre | endre wikiteksten]

Frå 7. etappe av Tour de France 2007: feltet passerer Col de la Colombière

Col de la Colombière har stått på Tour de France-programmet i 20 gonger, seinast i 2010. Trass den beskjedne høgda er passet vanskeleg å sykle opp nordsida frå Scionzier. Over den 16,3 km lange klatringa stig vegen 1 108 m, dvs eit snitt på 6.8 %. Rett før toppen er stigninga 10.2 %. Frå Le Grand-Bornand er distansen 11,7 km og stig 690 høgdemeter, dvs med eit snitt på 5.9%.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Roadbook Tour de France, Kristian Bauer, Bruckmann Verlag 2006
  • Peter Leisl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004
  • Serge Laget, Cols mythiques du Tour de France, L’Equipe 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Col de la Colombière