Eduard Toll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eduard Toll

Baron Eduard Gustav von Toll (2. mars 18581902), russisk Эдуард Васильевич Толль (Eduard Vasilijevitsj Toll), var ein russisk geolog og polforskar. Han vart fødd i 1858 i Reval (i dag Tallinn i Estland) og døydde i 1902 ein ukjend stad i Nordishavet. Han vert ofte berre kalla Baron Von Toll eller Eduard V. Toll og høyrte til ein adelsfamilie av baltisk-tysk opphav. Han var gift med baronesse Emmy von Toll.

Toll utdanna seg ved Universitetet i Dorpat (Tartu) som zoolog i 1882. Alt medan han var student reiste han til Middelhavet for å studere dyre- og planteliv og geologi i Algerie og Balearane.

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • I 1893 leia Toll ein ekspedisjon for Petersburg vitskapsakademi til nordlege delar av Jaktusk og utforska dei nedre delane av elvane Lena og Khatanga. Eduard Toll var den første til å kartlegge platået mellom Anabarelva og Popigaj og ein fjellrygg mellom Olenek og Anabarelva (som han kalla opp etter Vasilij Prontsjistsjev). Han gjorde òg geologiske undersøkingar rundt elvane Jana, Indigirka og Kolyma. I løpet av eit år og to dagar tilbake la ekspedisjonen 25 000 km, der 4200 km var opp elvane, og gjorde geodesiske målingar langs vegen. For dette harde og vanskelege arbeidet gav Det russiske vitskapsakademiet Eduard V. Toll Den store sølvmedaljen av N.M. Prozjevalskij.
«Zarja» i 1902

Den russiske polekspedisjonen 1900-1903[endre | endre wikiteksten]

I 1900-1902 leia Eduard Toll ein ekspedisjon for Petersburg Vitskapsakademi til Nysibirøyane. Den russiske polekspedisjonen på skipet «Zarja» (Заря) hadde som mål å finne det segnomsuste Sannikov Land. Under denne reisa, og særleg under overvintringa nær nordvestdelen av Tajmyrhalvøya og vestlege delar av Kotelnyøya, utførte Eduard Toll omfattande hydrografiske, geografiske og geologiske undersøkingar.

På grunn av særs harde istilhøve måtte ekspedisjonen vere to vintrar i regionen rundt dei forblåste Nysibirøyane. Til slutt reiste Eduard Von Toll til Bennettøya med slede og kajakk i lag med tre ekspedisjonsmedlemmer.

Skipet «Zarja» prøvde å nå Bennettøya for å evakuere Toll og mannskapet hans, men nådde aldri fram på grunn av istilhøva. Toll hadde tydelegvis vald å gå sørover mot kontinentet, men det fanst ikkje spor etter dei fire mennene og dei vart aldri funne att.

To leiteekspedisjonar vart sendt ut våren 1903. Ein av dei, under ingeniør M. I. Brusnev, leita langs Nysibirøyane og den andre, under kommandør Aleksandr Koltsjak reiste med kvalbåt til Bennetøya. Dei fann ikkje nokon av dei, men fann dagbøker og reiskap frå Zarjaekspedisjonen, som gav noko lys over kva som hadde skjedd med Baron Eduard Von Toll og følgjesveinane hans.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Eduard Von Toll vart innført på geografiske kart av Fridtjof Nansen. Han namngav bukta nordvest på Tajmyrhalvøya etter Eduard Von Toll. I tillegg finst elva Tollijevaja, eit nes på Tsirkuløya i Mininaskjera, fjell på Novaja Zemlja, det nordlegaste neset på Stolbovojøya, sundet og eit platå ved Kotelnyjøya og den sentrale isbreen på Bennettøya.

Innan visse felt, som paleontologi, zoologi og botanikk, finn ein fleire artar av dyr og planter som er kalla opp etter Baron Eduard Von Toll, som til dømes foraminiferen Dendrophyra tolli (Awerinzew, 1911).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]