Connemaraponni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Connemara-hingsten Rockfield Scarface

Connemaraponnien er ein irsk ponnirase. Rasen har sitt opphav i Connemara på vestkysten av Irland.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ein typisk connemara er ein relativt stor ponni av ridetype. Etter rasestandarden skal ein god connemara vere kort og sterk i ryggen. Skimmel er den vanlegaste fargen, men connemaraponnien finst også i mange andre fargar. Mankehøgda kan vere opptil 147,3 cm.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Connemaraponnien kjem opphavleg frå Irland. Mange andre hesterasar har vorte blanda inn opp gjennom tidene, mellom anna arabarhest, engelsk fullblodshest, hackneyhest, welsh-ponni, clydesdale og irsk trekkhest. I 1923 vart The Connemara Pony Breeders Society skipa for å få ein meir målretta avl. Fyrst i 1964 vart stamboka stengd for andre rasar.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Rasen finst i dag i store delar av verda, og særleg der det har vore tilflytting frå Irland. Døme på land der det finst connemaraponniar er USA, Australia, Belgia, Danmark, Frankrike, Finland, Tyskland, Austerrike, Sveits, Sverige, Noreg, Holland, Storbritannia, Canada og New Zealand. I Noreg blir det årleg fødd rundt 10 føl av rasen.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Connemaraponnien blir brukt i mange ulike former for hestesport. Han er mellom anna mykje brukt som sprangponni. På grunn av storleiken vert ponnien brukt både av barn og ungdom, og jamvel vaksne ryttarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Connemaraponni