Correggio i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Correggio
Chiesa san Quirino i Correggio Foto: Paolo da Reggio
Chiesa san Quirino i Correggio

Foto: Paolo da Reggio

Plassering
Correggio i Italia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Reggio Emilia
Geografi
Flatevidd
 - By

77 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (31. desember 2010)
   - folketettleik

25 395[1]
  267/km²
Koordinatar 44°46′0″N 10°47′0″EKoordinatar: 44°46′0″N 10°47′0″E
Høgd over havet 33 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 42015
Telefon-retningsnummer 0522
Nettstad: www.comune.correggio.re.it

Correggio er ein liten bykommune i den italienske provinsen Reggio Emilia i regionen Emilia-Romagna.

Byen ligg i Podalen og er med om lag 25 000 innbyggjarar den nest største i provinsen, etter hovudstaden Reggio Emilia som ligg 18 kilometer i sørleg retning. Byområdet er 77 km² og innbyggjartettleiken om lag 267 personar/km².[1]

Staden var busett allereie i romartida, seinare blei området folkesett av langobardane. På 1400- og 1500-talet blømde byen som hovudstad i ein liten signoria. Nokre kjende renessanseforfattarar var verksame i byen på den tida, til dømes Ludovico Ariosto og Torquato Tasso.

Renessansemålaren Antonio Allegri, betre kjend som il Correggio, og komponist og organist innan den venetianske skulen, Claudio Merulo, var begge fødde i byen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]