Den venetianske skulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Marco i kveldslys.
Det store og resonante kyrkjerommet var ei av inspirasjonskjeldene for musikken i den venetianske skule

Den venetianske skulen var ein krets renessansekomponistar aktive i Venezia i perioden ca 1550 til 1610 som skapte ei rørsle som blei viktig i europeisk musikkhistorie. Saman med monodien og operaen i Firenze definerer dei musikalske nyvinningane til komponistar frå denne skulen slutten på renessansemusikken og byrjinga på barokkmusikken; .

Flamlendaren Adrian Willaert som arbeida som maestro di cappella i Markuskirken vert rekna som grunnleggar av skulen. Andre viktige komponistar var Cipriano de Rore, Claudio Merulo, Andrea Gabrieli, Giovanni Gabrieli og Claudio Monteverdi.

Den venetianske skule vert stilistisk kjenneteina av kromatikk og ei målsetting om å oppnå sterke kontrastar i dynamikk og i klangfarge. Rørsla var viktig for utviklinga av polyfon korteknikk med mellom anna ekkoeffekt og ein mektig klang. Skulen utvikla òg 5-stemmige madrigaler a cappella med avansert kromatikk som leia utviklinga vekk frå modale musikkformer.

Den venetianske skule bidrog til å frigjere instrumentalmusikken, og Andrea Gabrieli og Claudio Merulo introduserte instrumentale musikkformer som toccata, ricercar, canzona og sonata.

Rundt hundreårsskiftet 1500-1600 fekk dei såkalla tyskvenetianarane, Jacobus Gallus (òg Jacob Handl eller Jacob Handl-Gallus), Michael Praetorius og Hans Leo Hassler stor innverknad.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]