Claudio Merulo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Claudio Merulo
Claudio Merulo.jpg
Verkeleg namn Claudio Merlotti
Fødd 8. april 1533, Correggio i Italia
Død 5. mai 1604 (71 år), Parma i Italia
Instrument Orgel
Sjanger Renessansemusikk
Aktive år 1568-1604
Yrke Komponist og organist

Claudio Merulo, òg Claudio da Correggio, eigentleg Claudio Merlotti,[1] (fødd 8. april 1533 i Correggio, død 5. mai 1604 Parma) var ein italiensk komponist og organist frå seinrenessansen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Merulo arbeidde først som organist i Brescia (1556), året etter fekk han posten som andreorganist i Markuskyrkja i Venezia. Han må ha vore ein særs dyktig organist, for søkarlista inneheldt store organistar som Andrea Gabrieli. Merulo følgde i 1566 etter Annibale Padovano som førsteorganist, ein av dei mest prestisjefylte musikkpostane gjennom tidene. Denne gongen fekk Andrea Gabrieli posten som andreorganist.

Dei to romleg fråskilte orgla i Markuskyrkja gjorde det mogeleg å spele orgel i den venetianske fleirkorsstilen som var blitt utvikla for kor og orkester på galleria i Markuskyrkja.

I 1584 forlot Merulo brått posten i Venezia, og i desember 1584 dukka han opp på lønningslistene til hertug Alessandro Farnese av Parma. I 1587 vart han utnemnt som organist i katedralen i Parma og frå 1591 i kyrkja Santa Maria della Steccata. Han levde i Parma resten av livet.

Musikk og påverknad[endre | endre wikiteksten]

Merulo sine samtidige heldt han for å vere si tids beste organist. Han vert rekna som den som innførte musikkforma toccata, og dei orgelverka som er bevart, viser at det er verk som er tenkt instrumentalt; tidlegare var instrumentalmusikk stort sett berre imitasjonar av vokalmusikk. Merulo høyrde til pionerane innan stylus phantasticus, og ein finn att mange av ideane til Merulo hos Sweelinck, Frescobaldi og andre. På grunn av den store påverknaden Sweelinck fekk som lærar, kan ein seie at mykje av den virtuose nordtyske klaviaturteknikken som kulminerte hos Bach nedstammar frå Merulo.

Merulo skreiv òg a cappellamusikk, til dømes madrigalar. Som representant for den venetianske skulen skreiv han motettar for doble kor på same måten som Andrea og Giovanni Gabrieli gjorde.

Av Merulo sine elevar kan ein nemne Florentio Maschera og Giovanni Battista Mosto.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Ricercari d'intavolatura d'organo, bok 1: Ricercar del primo tuono • Ricercar del secondo tuono • Ricercar del terzo tuono • Ricercar del quarto tuono • Ricercar del settimo tuono • Ricercar dell'ottavo tuono • Ricercar dell'undecimo tuno • Ricercar dell duodecimo tuono
  • Il Transilvano: Toccata del terzo tuono
  • Toccate d'intavolatura d'organo, bok 2: Toccata prima • Toccata seconda • Toccata terza • Toccata quarta • Toccata quinta • Toccata sesta • Toccata settima • Toccata ottava • Toccata nona • Toccata decima
  • Toccate d'intavolatura d'organo, bok 1: Toccata prima • Toccata seconda • Toccata terza • Toccata quarta • Toccata quinta • Toccata sesta • Toccata settima • Toccata ottava • Toccata nona • Toccata decima
  • Canzoni d'intavolatura d'organo fatte alla francese, bok 1: La Benvenuta • La Bovia • La Cortese • La Gratiosa • La Leonora • La Rolanda • La Zambeccara • L'Alberagata • Petit Jacquet
  • Canzoni d'intavolatura d'organo fatte alla francese, bok 2: La Ironica • La Jolette • La Pazza • La Palma • La Pargoletta • La Rosa • La Radivila • La Seula • La Scarampa • L'Arconadia • Petite Camusette
  • Canzoni d'intavolatura d'organo fatte alla francese, bok 3: Content • Languissans • Onques amour • Susanne un jour

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Giuseppe Martini: Claudio Merulo. Ordine Costantiniano di San Giorgio, Parma 2005, ISBN 88-901673-8-6 (biografi)
  • Eleanor Selfridge-Field, Venetian Instrumental Music, from Gabrieli to Vivaldi. New York, Dover Publications, 1994. ISBN 0-486-28151-5
  • Artikkelen «Claudio Merulo» i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, red. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
  • Gustave Reese: Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Han latiniserte etternamnet til Merulo, det vil seie svarttrost (turdus merula).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Claudio Merulo