Coverversjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein coverlåt eller coverversjon (ofte berre forkorta til cover) er ei innspeling eller framføring av ein tidlegare laga song eller musikkstykke.

Den musikalske utforminga blir ofte ein del endra, slik at nyinnspelinga ikkje framstår som ein rein kopi og artisten set sitt musikalske og personlege «merke» på han. Som regel har nyinnspelinga same tekst som originalen, men han kan òg vere gjeve ut på eit anna språk (anten omsett eller med ein heilt annan tekst) eller ein ny tekst på originalspråket. Eit slikt døme er Limp Bizkit sin versjon frå 2003 av The Who-songen «Behind Blue Eyes» frå 1971.

Tidleg på 1900-talet var det vanleg at songar vart spelt inn av ulike artistar for ulike plateselskap.

I dag, der heile verda er éin marknad, er det helst amatørmusikarar som framstår som coverband, sjølv om det er døme på profesjonelle slike, som The Musical Box frå Canada som spelar tidleg Genesis-musikk. Men òg kjende og etablerte artistar fortek coverinnspelingar, høvesvis av songar dei likar særleg godt og gjerne som ein hyllest til originalartisten.

Elles er coverinnspelingar særleg vanleg innan pop-sjangeren.

Om berre delar av ein annan song miksast inn, gjerne i originalversjon, men òg som cover, kallast dette sampling, noko som er særs vanleg innan hiphopsjangeren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]