Cranebreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 65°20′S 62°15′W
Cranebreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Graham Land
 - koordinatar 65°20′S 62°15′W
Lengd 50 km
Administrert under Antarktistraktaten
Cranebreen is located in Antarktis
Cranebreen (Antarktis)

Cranebreen er ein smal isbre som flyt 50 km aust-nordaustover gjennom ein djup dal og ut i Exasperationfjorden, på austkysten av Den antarktiske halvøya. Sir Hubert Wilkins fotografert breen frå lufta i 1928 and gave han namnet «Crane Channel», etter C.K. Crane frå Los Angeles, og rapporterte om at det såg ut til å vere ein kanal som skar over halvøya frå aust til vest. Namnet vart endra til «Cranefjorden» etter utforskinga langs vestkysten av halvøya i 1936 av British Graham Land Expedition, som synte at det ikkje gjekk nokon kanal frå austkysten slik Wilkins hadde trudd. Samanlikningar med bileta til Wilkins av denne breen, med dei som ein tok i 1947 av Falklands Islands Dependencies Survey syner at Wilkins sin «Crane Channel» er denne breen, sjølv om han ligg kring 120 km nordaust for posisjonen Wilkins opphavleg rapporterte.[1]

Cranebreen flyt no tre gonger så raskt etter at Larsen B-isen kollapsa i 2002 då isbrem støtta opp om Cranebreen.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cranebreen» (innhald frå Geographic Names Information System).