Cromwellstraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cromwellstraumen er ein havstraum som renn som ein understraum austover langs ekvator i Stillehavet, under den vestoverretta ekvatorstraumen. Han er observart frå Galapagosøyane på 91 ºV til omkring 160 ºV, ein avstand på nær 8000 km. Cromwellstraumen er symmetrisk om ekvator, og strekkjer seg omkring 150 km på begge sider. Vertikalt strekkjer han seg frå kring 20 meter djupne til kring 200 meter djupne. Straumen er kraftigast omkring 50-100 m ned, og er der over 1 m/s. Han transporterer omtrent like mykje vatn som det Floridastraumen transporterer gjennom Floridasundet, kring 30 millionar kubikkmeter per sekund. Straumen er merkverdig stabil. Ein har òg funne ein tilsvarande understraum ved ekvator i Atlanterhavet.

Cromwellstraumen vart oppdaga i 1952[1][2] av Townsend Cromwell, ein forskar ved Honolulu Laboratory.

Townsend Cromwell[endre | endre wikiteksten]

Oseanografen Townsend Cromwell oppdaga straumen som i dag ber namnet hans då han forska på driving i ekvatorområdet i Stillehavet. Han omkom i 1958 då flyet hans styrta på veg til ein oseanografiekspedisjon.

Vekselverknad med El Niño[endre | endre wikiteksten]

El Niño fører til ei reversering av dei normale havstraumane i Stillehavet. Overflatevatnet vert blese vestover av passatvindane og djupare vatn vert tvungen opp i aust for å erstatte vatnet. No og då strøymer dette vatnet attende over havet og fører varmt vatn til austkysten av Stillehavet. Når ein ikkje har El Niño-år vert Cromwellstraumen tvungen til overflata av ein undervassvulkan nær Galapagosøyane, ein prosess kalla oppvelling. Under El Niño-år skjer ikkje dette og farvatnet kring øyane er derfor langt varmare under ein El Niño enn i normale år.

Effekt på dyrelivet[endre | endre wikiteksten]

Cromwellstraumen er både oksygen- og næringsrik, og mykje fisk held seg i straumen. Ein får oppvelling nær Galapagosøyane og dette fører det næringsrike vatnet til overflata for galapagospingvinar. Oppvellinga er derimot noko sporadisk og når han uteblir påverkar dette heile næringskjeden i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cromwell, Townsend (1953). "Circulation in a meridional plane in the central equatorial Pacific." Journal of Marine Research 12 196-213.
  2. Cromwell, T., Montgomery, R. B., and Stroup, E. D. (1954). "Equatorial undercurrent in the Pacific Ocean revealed by new methods." Science 119 (3097) 648-649.