Floridastraumen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Floridastraumen er ein varm havstraum som renn frå Mexicogolfen til Atlanterhavet mellom Florida i USA på den eine sida og Cuba og Bahamas på den andre. Han blei skildra av den spanske oppdagaren Ponce de Leon i 1513.

Floridastraumen skuldast at jordrotasjonen skyv vatn frå Atlanterhavet inn i Karibia og vidare mot kysten av Mellom-Amerika. Derfrå renn det gjennom Yucatán-kanalen inn i Mexicogolfen. Her blir det varma opp og pressa ut gjennom Floridasundet mellom Florida Keys og Cuba i stor fart, i snitt 3-4 knop, før han renn vidare opp langs kysten av USA og renn i saman med Antillarstraumen og dannar Golfstraumen aust for Florida.

I snitt transporterer straumen ei vassmengd på 26 Sverdrup. I djupna strekkjer straumen seg ned til 600-800 meter, med minkande snøggleik nedover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]