Curach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Currach på land.
Foto: Benji Borden

Curach eller currach er ein båt bygd på ei ramme av tynne lekter. Over ramma er det strekt seglduk som er smurt med tjære på begge sider. Tidlegare vart det brukt skinn, gjerne okseskinn og ramma var da av vidje. Curach er mest kjent frå vestkysten av Irland og Skottland.

Historisk båt[endre | endre wikiteksten]

Curach vart nemnd skriftleg av Julius Cæsar som såg ein slik båt som segla på Nordatlanteren. Seinare er det mogleg at Brendan sjøfararen brukte ein slik båt på si ferd til Nordamerika rundt år 530. I 1978 segla historikaren Tim Severin frå Irland til Newfoundland i ein slik båt.

Konstruksjon og bruk[endre | endre wikiteksten]

Konstruksjon og utforming er spesiell for vestkysten av Irland og Skottland der den varierer i storleik og form. Historia syner at curachar blei brukt til fiske og transport langs kysten og på elvene. Framleis vert det bygd slike båtar. Det vert og skipa tevling i kapproing med curach.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Curach