Dødehavsrullane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skriftrullane med avskrift.
Del av dødehavsrullane på Amman arkeologiske museum.

Dødehavsrullane er jødiske handskriftrullar funne i bortgøymde holer ved den staden som i dag kallast Qumran ved Dødehavet nokre mil aust for Jerusalem. Dei første funna vart gjort på tilfeldig vis i 1947. Seinare er området saumfara på jakt etter liknande gøymestader. Dei fleste skriftene er i dag samla i Jerusalem (Israelmuseet). For det meste er materialet av lêr, men det finst òg ein del papyrus og dessutan ei koparplate med inngraveringar. Dei eldste manuskripta er ved vitskaplege målingar datert til 100-talet f.Kr. Ved holene er det òg funne ruinar med opphav frå same tidsperiode og det er rimeleg å sjå desse i samanheng. Rundt Dødehavet er det òg funne mange andre skrifter frå same perioden (skrifter frå Judea-ørkenen, eng. the Judean Desert), særleg på fjellet Masada.

Skriftene er nummerert etter kva for hole dei vart funne i (hole 1-11) og kan delast inn i fire grupper:

  1. Bibelskrifter frå den hebraiske bibelen (i kristen samanheng: Det gamle testamentet) og nokre utanombibelske skrifter frå same tidsperioden
  2. Kommentarar til bibelskrifter
  3. Gruppeskrifter («sektskrifter»)
  4. Fragment av andre jødiske skrifter

Kjende kjelder frå ein seinare, men jamvel om lag same tidsperiode (Josefus, Filon frå Alexandria særleg) peikar på ei gruppe i dette område dei kallar for essenarane. Hovudhypotesen om opphavet til skriftrullane går difor ut på at qumranruinane var staden for ei særgruppe som levde her frå midten av det 2. hundreåret. Det er sannsynleg at dei i all hast måtte gøyme skriftene sine då den romerske hæren gjekk gjennom landet i år 70 for å slå ned det jødiske opprøret frå nokre år tidlegare (jf. særleg soga om dette hos den jødisk-romerske historieskrivaren Josefus Den jødiske krigen / De bello Judaicum). Det dei klassiske kjeldene seier om essenarane ser elles ut til å stemme sånn høveleg med det inntrykket vi i dag får når ein les Dødehavsrullane.

Dødehavsrullane har vore sentrale for å skjøne den jødiske tempelreligionen og det jødiske samfunnet i det første hundreåret før og etter Kristus.

Det var lenge strid om publiseringa av skriftene då mange meinte at det gjekk for seint. I diskusjonen om grunnen til dette låg det stundom konspiratoriske teoriar (t.d. at kristendomen og den katolske kyrkja vart avslørt som humbug). Men på 1990-talet vart alle dei viktigaste manuskrifta og fragmenta publisert i original (elektronisk og i mikro-fiche), og det vart klart at det ikkje låg føre nokre tekstar som direkte sa noko om kristendomen eller om det historiske opphavet til kristendomen. Skriftene vert likevel sett på som særs interessant i studiet av tidleg kristendom av di dei speglar eit liknande miljø, særleg tydeleg i det Det nye testamentet skriv om Johannes døyparen.

Dødehavsrullane er no omsette til ei rad språk, delar er omsett til norsk (jf. Elgvin og Aschim 2004).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Dødehavsrullane ved Wikisource (en).

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dødehavsrullane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brooke, G. J. (1999). «The Past: On the History of Dead Sea Scrolls Research. Dead Sea Scrolls at Fifty». R. A. Kugler and E. M. Schuller. Atlanta, Scholars Press: 9–27.
  • Brooke, G. J. (2005). «The Dead Sea Scrolls and the New Testament». Minneapolis, Minn., Fortress Press.
  • Elgvin, T. and A. Aschim (2004). «Dødehavsrullene». [Oslo], De norske bokklubbene.
  • Vermes, G. (1995). «The Dead Sea Scrolls in English». London, Penguin Books.
  • Martínez, F. G. and E. J. C. Tigchelaar (1997/1998). «The Dead Sea Scrolls Study Edition». 1-2. Leiden, Brill.

Nettkjelder[endre | endre wikiteksten]