Qumran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qumran
utvgravingsstad
Land  Palestina
Kart
Qumran
31°44′28″N 35°27′31″E / 31.74105°N 35.458630555556°E / 31.74105; 35.458630555556
Wikimedia Commons: Qumran

Qumran (hebraisk קומראן; arabisk خربة قمران, Khirbet Qumran) er ein arkeologisk stad på Vestbreidda som er administrert av den israelske nasjonalparken Qumran.[1] Han ligg på eit tørt platå kring 1,5 km frå nordvestbreidda av Daudehavet, nær Kalya, ei israelsk busetjing og kibbutz.

Det blei utvikla ein busetnad her i hellenistisk tid under den hasmoneiske Johannes Hyrkanos (134–104 f.Kr.) eller noko seinare. Det budde folk her det meste av tida fram til busetnaden blei øydelagd av romarane i 68 e.Kr. eller kort tid etter. Staden er best kjend som den næraste busetnaden til Qumran-hòlene der Dødehavsrullane var skjulte.

Dei viktigaste utgravingane ved Qumran blei leidde av Roland de Vaux på 1950-talet. Saman med Gerald Lankester Harding grov de Vaux ut «hole 1» i 1949, den fyrste hòla der det blei gjort funn av skriftrullar. Ei flyktig overflateundersøking dette året gav ingen større resultat, men framleis interesse for skriftrullar førte til ein grundigare analyse av ruinane ved Qumran, som fann spor av keramikk nært knytt til det som blei funne i «hòle 1».[2]

Oppdaginga førte til omfattande utgravingar på staden over seks sesongar (1951–56) under leiing av de Vaux. Tolkingane av funna har vore avvikande og til dels spekulative, men forskarar generelt har akseptert at dokumenta ved Qumran indikerte nærværet av asketiske jødiske sekter, der både saddukearar og essenarane blir knytte til staden.[3] I samtida blei essenarane omtalt av Josefus, Filon og Plinius den eldre. Plinius, som vitja Jerusalem i år 70, skreiv i Naturalis Historia at «på ein stad nedanfor Jeriko ved nordvestenden av Dødehavet og litt opp frå breidda finn me essenarane, på ein stad der det veks palmar, lenger nede kjem ein til Ein Gedi». Qumran er den einaste staden det veks palmar mellom Jeriko og Ein Gedi. Plinius er derfor det sikraste beviset for at det budde essenarar i Qumran. Den tyske forskaren Hartmut Stegemann (1933-2005) har påvist at skinnet som blei garva til skriftrullar var produsert med kjemikaliar frå Dødehavet, noko som knyter sjølve framstillinga av rullene til Qumran.[4] Stegemann tolka Qumran som eit senter for bokproduksjon som omfatta heile prosessen, frå husdyrhald for å skaffa skinn til å skriva på, til sjølve avskrivinga. Funn av blekkhus, som er sjeldne funn i arkeologiske utgravingar, støttar dette.[5]

I 1960 foreslo professor Karl Heinrich Rengstorf (1903-92) at Dødehavsrullene ikkje var skrivne av bebuarane ved Qumran, men stamma frå biblioteket ved tempelet i Jerusalem. Dette har fått større tilslutning etter offentleggjeringa av materiale frå utgravingane til de Vaux i 1992.[6][7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Qumran National Park», Israel Nature and Parks Authority. Arkivert fra originalen den 31. mai 2014.
  2. Trever, John C. 1965): The Untold Story of Qumran, Westwood: Fleming H. Revell Company, s. 147.
  3. Wise, Michael; Abegg, Jr., Martin; Cook, Edward (1996): «Introduction», The Dead Sea Scrolls: A New Translation, San Francisco: Hodder & Stoughton, s. 29. Sitat: «The evidence suggests, then, that the scroll group resembled the Sadducees in some ways and the Essenes in others. Yet there are major obstacles to identifying the group straightforwardly as one or the other
  4. ««Dødehavsrullene og menigheten bak dem»». Arkivert frå originalen 25. oktober 2021. Henta 4. april 2022. 
  5. Anders Aschim: «Qumran-funnene og Det nye testamente», Religion og livssyn 1998
  6. Rengstorf baserte sin teori på det faktum at rullene var skrevet i flere ulike skrifter og kom fra ulike perioder, og at Jesaja-skrollen fra «hule 1» avviker sterkt. Se: Rengstorf, Karl Heinrich (1963): Hirbet Qumrân and the Problem of the Library of the Dead Sea Caves, oversatt til engelsk av J.R. Wilkie, Leiden: Brill, tysk utgave i 1960.
  7. De første materialene ble presentert ved en konferanse i New York i 1992 av Robert Donceel og Pauline Donceel Voute. Se Wise, Michael O.; Golb, Norman; Collins, John J.; Pardee, Dennis G. (1994): Methods of Investigation of the Dead Sea Scrolls and the Khirbet Qumran Site: Present Realities and Future Prospects, Annals of the New York Academy of Sciences 722 (New York: New York Academy of Sciences), s. 1–32.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]