Filon frå Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Filon frå Alexandria

Statsborgarskap Romarriket
Fødd ca. 15 f.Kr.
Alexandria
Død

ca. 50
Alexandria

Yrke filosof, historikar, skribent, forfattar
Språk gamalgresk
Filon frå Alexandria på Commons
1584 illustrasjonstrykk

Filon (20 f. Kr. – 40/50 e.Kr.), eller Filon frå Aleksandria (gresk Φίλων ὁ Ἀλεξανδρεύς), Philo Judaeus, Philo Judaeus of Alexandria, Yedidia, "Philon", og Jøden - Filon, var ein hellenistisk jødisk filosof fødd i Aleksandria. Leveåra (20 f. Kr. - 40/50 e. Kr.) er omtrentlege.

Allmenn skildring[endre | endre wikiteksten]

Filon var platonikar i den såkalla mellomplatonismen, ein forlaupar for nyplatonismen. Han skreiv særs mykje og det meste er teken vare på. Han tolka den jødiske bibelen (i kristendomen kalla "Det gamle testamentet") ut frå platonsk, stoisk og pytagoreisk filosofi (numerologi) på allegorisk (konsekvent bileteleg eller metaforisk) måte. Stort sett vende han seg mot peripatetikarane (Aristoteles). Han har òg meir systematiske framstillingar av filosofien sin, men verka hans kan bli sett på som tolkingar av Bibelen. Det er usikkert om han brukte andre språk enn gresk, og han las nok Bibelen i den greske omsetjinga "Septuaginta". Stundom refererer han til hebraiske ord og omgrep. Lister med slike ord på gresk og hebraisk var i sirkulasjon på denne tida.

Han kom frå ein særs velståande familie som hadde offentlege funksjonar i romersk samanheng. Broren lånte pengar til kong Herodes (Agrippa), og ein brorson, Tiberius Aleksander, vart seinare romersk landshovding (prokurator) i Judea, general (prefekt) i Egypt og var med på kringsetjinga og øydelegginga av tempelet i Jerusalem i år 70. Det faktum at Filon i stor grad kunne vigsle livet sitt til filosofi, vitnar om gode vilkår.

Filon kjende godt romersk kultur, hadde sjølv romersk borgarrett og fekk både jødisk og gresk utdanning (den encycliske). Han opna opp for biletlege tolkingar av jødiske forskrifter, med unntak av dei heilt sentrale som omskjering. "Hjartets omskjering" eller åndeleg omskjering er viktig, men kan ikkje erstatte den fysiske. Feiring av sabbaten og høgtidene, samt innbetaling av tempelskatten til tempelet i Jerusalem kan ikkje tolkast heilt bort. Han, og sannsynlegvis dei fleste jødane i Egypt, held altså fast på tilknytinga til tempelet i Jerusalem.

Han har òg nokre historiske skrifter om konflikten i Aleksandria om rettane åt ulike ikkje-romerske grupper i byen (grekarar, jødar og egyptarar) og om eit sendebod han leia på vegner av jødane i byen til keisar Caligula i Roma i år 39 (sjå Legatio ad Gaium). I samband med denne konflikten fortel han om jødeforfølgingar i Aleksandria. Skal ein lese Filon, er det tilrådeleg å byrje med dei historiske skriftene, samt De vita contemplativa.

Vurderingar av Filons arbeid i ettertid har veksla mellom å sjå på han som berre ein viktig forlaupar for den kristne samkulturen mellom gresk, jødisk og romersk tankegang og praksisar, til å rekne han som den som førte desse kulturane saman og på den måten la grunnlaget for seinare europeisk tenking og kultur i det heile (det som vert uttrykt gjennom kulturane med sentrum i Athen, Jerusalem og Roma).

Bruken av Filon i historisk forsking[endre | endre wikiteksten]

Filon skriv om og stadfestar ein del informasjon om det jødiske samfunnet i Egypt og i Aleksandria vi har frå andre kjelder (som den jødiske sogeskrivaren Josefus). Han skriv òg om tilhøva i Israel/Palestina i det første hundreåret. Han fortel detaljert om ei piliegrimsreise til Jerusalem og skriv om ulike grupperingar mellom jødane, mellom anna om essenarane som ein trur står bak skriftene som i 1947 og utover vart funne i Qumran ved Dødehavet.

Studiet av Filon har spelt ei stor rolle i studiet av dei første kristne filosofane eller teologane (kyrkjefedrane) i Aleksandria (som Klement og Origenes), for desse brukte filosofien hans direkte og i stor grad. Andre som vart inspirert av Filon var Gregorios av Nyssa og Ambrosius av Milano. Som ein som levde samstundes med Jesus og Paulus har han òg vore viktig som bakgrunnsinformasjon til studiar av Det nye testamentet (jf. den norske teologen Peder Borgen), særleg av Johannesevangeliet og Joh 1 om Logos/Ordet og av Hebrearbrevet. I motsetnad til dei sentrale personane i Det nye testamentet er soga om Filon og det miljøet han levde i, godt historisk-vitskapleg dokumentert i kjelder frå samtida. Nokre av kyrkjefedrane ville ha det til at han vart kristen og kalla han jamvel "Filon - biskopen", men dette er lite truleg. Skriftene hans vart tidleg omsett til armensk, og nokre skrifter finst berre i armenske originalar. Dei eldste manuskripta som er att i dag er frå seinmellomalderen.

Filons skrifter[endre | endre wikiteksten]

Filons skrifter (norsk-latin). Det finst òg andre måtar å kategorisere skriftene på. Skriftene er digitaliserte og kan søkjast på elektronisk i mange ulike programversjonar.

A. Kommentarar til Bibelen o.l.

  • Om jordbruk (De agricultura)
  • Om kerubane (De Cherubim)
  • Om språkforvirringa (De confusione linguarum)
  • Om dei innleiande studia (De congressu eruditionis gratia)
  • Det låkare går til åtak på det betre (Quod deterius potiori insidiari soleat)
  • Gud kan ikkje endrast (Quod Deus sit immutabilis)
  • Om drukkenskap (De ebrietate)
  • Om flukt og oppdaging (De fuga et inventione)
  • Om gigantane (De gigantibus)
  • Om kven som er ervingar av dei heilage tinga (Quis rerum divinarum heres sit)
  • Argument (til forsvar for jødane) (Hypothetica)
  • Allegoriske utleggingar av moselova, 1-3 (Legum allegoriae I-III)
  • Om Abrahams utvandring (De migratione Abrahami)
  • Om endring av namn (De mutatione nominum)
  • Om Noah som plantar (De plantatione)
  • Om utkastinga av Kain og eksilet hans (De posteritate Caini)
  • Spørsmål og svar frå 1. og 2. Mosebok, 1-4 (Quaestiones et solutiones in Genesim (I-IV) et Exodum, I-IV), armensk kopi, greske fragment berre.
  • Om eldofferet frå Abel og Kain (De sacrificiis Abelis et Caini)
  • Om edruelegdom (De sobrietate)
  • Om draumar 1-2 (De somniis I-II), dvs. om draumetyding, jf. Josefs draumar

B. Tematiske

  • Om Abraham (De Abrahamo)
  • Om det ævelege kosmos (De aeternitate mundi) (det har vore reist tvil om dette skriftet er filonsk pga. aristoteliske tankar her om verda som uskapt)
  • Om dei ti boda (De Decalogo)
  • Om Josef (De Iosepho). dvs. om politikk og statsmannskunst (Josef som politikar)
  • Om livet åt Moses, 1-2 (De vita Moysis I-II)
  • Om opphavet åt verda (De opificio mundi)
  • At alle gode menneske er frie (Quod omnis probus liber sit)
  • Om løn og straff (De praemiis et poenis)
  • Om lagnaden 1-2 (De Providentia I-II)
  • Om særlovene 1-4 (De specialibus legibus I-IV)
  • Om dygdene (De virtutibus)
  • Om det kontemplative livet (De vita contemplativa), dvs. om eit avsondra klosterliv ein stad utanfor Aleksandria (therapeutar kallar han dei)

C. Historiske

  • Mot Flakkus (In Flaccum)
  • Sendebodet til Gaius (keisar Caligula) (Legatio ad Gaium)

Sentrale omsetjingar av Filon[endre | endre wikiteksten]

  • Philo. Cambridge/London, Harvard University Pres (Loeb Classical Library), 10+ 2 bind. 1929–1953
  • The Works of Philo. Complete and Unabridged. Opptrykk av Yonge (1854). Peabody, Hendrickson. 1993
  • Les Oeuvres de Philon d’Alexandrie. Paris, Cerf, 1961–1988
  • Philon, Philo Judaeus. Die Werke in deutscher Übersetzung. Berlin: de Gruyter, 1962. Oms. av Leopold Cohn

Viktigaste vitskaplege tekstutgåver av Filons skrifter[endre | endre wikiteksten]

  1. Leopold Cohn and Paul Wendland (eds.) (1896-­1915) Philonis Alexandrini opera quae supersunt. G. Reimer, Berlin.
  2. F. H. Colson (1941) Hypothetica and De Providentia. I Loeb Classical Library (volume IX), Harvard University Press, Cambridge, Mass. og William Heinemann, London.
  3. Françoise Petit (1978) Quaestiones in Genesim et in Exodum. Fragmenta Graeca. Éditions du Cerf, Paris.
  4. Joseph Paramelle (1984) Philon d'Alexandrie Quaestiones in Genesim. Liber 2, 1­7. Polyglot. P. Cramer. Genève.

Bøker om Filon og forskinga på skriftene hans[endre | endre wikiteksten]

Innføringsbøker om Filon og forskinga på han:

  • Borgen, P. (1984). Philo of Alexandria. A Critical and Synthetical Survey of Research since World War II. Aufstieg und Niedergang der römischen Welt. Geschichte und Kultur Roms im Spiegel der neueren Forschung. 2, Principat. Religion. Hellenistisches Judentum in römerischer Zeit: Philon und Josephus. W. Haase. Berlin, de Gruyter: 98–154.
  • Borgen, P. (1997). Philo of Alexandria. An Exegete for His Time. Leiden, Brill.
  • Runia, D. T. (1988). Philo of Alexandria. An Annotated Bibliography. Leiden, Brill.
  • Runia, D. T., (ed.) (2000). Philo of Alexandria. An Annotated Bibliography 1987–1996. With Addenda for 1937–1986. Leiden, Brill.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]