Dagfinn Zwilgmeyer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dagfinn Zwilgmeyer (24. desember 19003. april 1979) var ein norsk prest og salmediktar fødd i Sauherad, der faren Ludvig Zwilgmeyer var sokneprest.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Dagfinn Zwilgmeyer vart cand.theol. i 1929, og frå 1931 til 1940 var han hjelpeprest i Hadsel. I 1939 vart han konstituert som sokneprest i Fana. Som medlem i Nasjonal Samling vart han i 1940 utnemnd til ordførar i Fana. I 1942 tok han over som biskop i Bjørgvin bispedømme, seinare Hamar bispedømme. Han var ein av dei få NS-prestane som reagerte på aksjonen mot jødane hausten 1942, og han melde seg ut av Nasjonal Samling i protest våren 1943. Same året søkte han avskil som biskop i Hamar. Etter krigen vart han frådømd retten til å arbeide som prest. Denne retten fekk han attende etter ei stund,, utan at han seinare arbeidde som prest. Han arbeidde lenge som lektor i Arendal, Trondheim og Sarpsborg.

I mellomkrigstida gav Zwilgmeyer ut fleire salmesamlingar. Under krigen var han engasjert av NS-styresmaktene til å arbeide ut ei ny norsk salmebok som var meint å avløyse Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. Han gav i 1967 ut Norsk salmebok. Et utkast. Dagfinn Zwilgmeyer er representert i Norsk salmebok med ein omsett salme, Tårnhøye bølger går (nr . 475), omsett 1958/1967.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Påskelilje. Dikte, Bergen 1923
  • Regnbuen. Salmer, 1933
  • Solsangen. Salmer, 1935
  • Norrøne og nye salmer, 1936
  • Luther som salmedikter, i Ki&K 1936, s. 162–183
  • Systematisk fortegnelse over samtlige Luthers salmer, i NTT 1938, s. 136–148
  • Petterdikt. Første ring: Vesterålen, Stokmarknes 1938 (2. utvida utg. Nordlandssanger. I herr Petters fotefar, 1941, 3. utg. De høye luers land, Trondheim 1960)
  • Fager er lien. Salmer fra det skjulte Norge, Bergen 1939
  • Den norske salme. Et forsøk på en bestemmelse ut fra Landstads reviderte salmebok, 1942
  • Til landets prester. Noen ord til alvorlig ettertanke, 1942 (nynorsk utg. s.å.)
  • Vår under sneen. Nye salmer, Arendal 1950
  • Under korset vil jeg stanse. Et utvalg salmer, 1958
  • Vår Gud han er så fast en borg. Utkast til nye oversettelser og gjendiktninger av gamle kjernesalmer, 1962
  • Og så var det evigheten. Dikt, 1963
  • Her er min ild, 1964
  • Underveis, 1965
  • Norsk salmebok. Et utkast, 1967
  • Gullharpen. Ny gjendiktning av Salmenes bok, 1973
  • Dikt og salmer, (posthumt) 1980

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hallgeir Elstad i Norsk biografisk leksikon