Sauherad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°23′47.1″N 9°14′56.8″E

Sauherad kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0822
Fylke Telemark
Adm.senter Akkerhaugen
Areal 316 km²
Folkemengd 4 369 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (1999—) Hans Sundsvalen (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.sauherad.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0822.svg
Sauherad kommune på Commons

Sauherad kommune ligg aust i Telemark fylke. Kommunen grensar til Nome i sør-vest, i vest, Notodden i nord, Kongsberg i aust og Skien i sør-aust. Høgste punkt er Narefjell, 815 moh. Kommuneadministrasjonen er på Akkerhaugen, som ligg sentralt i kommunen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sauherad ligg kring nordenden av Norsjø og strekker seg nordover dalføra langs Sauaelva i nordaustleg retning Heddal og Gvarvelva i nordvestleg retning Bø. Heradet var frå gamalt av delt inn i to kyrkjesokn, Saude (seinare Sauherad) i aust med bygdelaga Hjuksebø, Vårheim, Nordagutu og Akkerhaugen, og Nes i vest med bygdelaga Gvarv, Stranna og Sætersbø. Sauherad blir saman med Bø og Nome kommunar rekna til Midt-Telemark, og desse tre kommunane har fleire samtenester.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Sauherad er ein typisk jordbrukskommune og er serleg kjend for epledyrking. Over fire femdelar av fruktarealet i fylket ligg i Sauherad.[2]

Skulestruktur og -sentralisering[endre | endre wikiteksten]

Sauherad hadde frå gamalt av ein desentralisert skulestruktur med skular i nær sagt kvar husklynge i heradet, frå 1920-talet var det tolv skular til saman. På 60-talet vart det noko sentralisering, men framleis var det 9-10 skular til frampå 1980-talet. Dei seinaste tiåra har det vore følgjande skular i kommunen: Akkerhaugen, Gvarv, Hjuksebø, Nordagutu, Sauar (lagt ned 1994, frå 1996 Sauar friskole), Sunds (lagt ned 1994) og Sætersbø (lagt ned 2001), og Sauherad ungdomsskole. Etter ein opprivande strid, vert dei resterande kommunale skulane sentraliserte til Gvarv frå hausten 2013.

Målstoda[endre | endre wikiteksten]

Dialekten i Sauherad ligg i grenseland mellom Austlandsk og Midlandsmål. Sørover går dialektane over i Grenlandsmål, medan ein nordover finn typiske Aust-Telemål i Bø og Heddal. Denne grensa har gradvis flytta seg nordover i Telemark, i fyrste rekkje grunna etablering av jarnbane og industri i ein rekkje tettstader, så óg i Sauherad. Då nynorsken vart ført inn i skulane fram mot Andre verdskrigen vart Sauherad målkløyvd, av di fire (av tolv) krinsar heldt på bokmålet. Desse var Haukvik, Moen og Sauar i Sauar sokn, og Stranna i Nes sokn, såleis vart omkring ein tridel av elevande verande med bokmålet. Slik var meir eller mindre stoda til utpå 1980-talet, då framleis sju av ti skular heldt på nynorsken. I denne tidsbolken vart fleire åtak frå bokmålet slått attende og nynorsken vann jamvel einskilde krinsrøystingane i samband med krinssamanslåingar med bokmålsskular.

Dei seinaste tiåra har det diverre vore ein stendig attergang for nynorsken, sidan 1981 har målet tapt alle dei fem målrøystingane i krinsane, og med det seinaste tapet i 2013 er nynorsk etter alt å dømme på veg ut av Sauherad som skulemål.

Kjende folk frå Sauherad[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]