Dagfiol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dagfiol


Dagfiol Foto: Anneli Salo
Dagfiol
Foto: Anneli Salo

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Spermatophyta
Orden: Brassicales
Familie: Brassicaceae
Slekt: Hesperis
Art: H. matronalis
Vitskapleg namn
Hesperis matronalis

Dagfiol eller fruefiol (Hesperis matronalis) er ein blomsterplante i krossblomfamilien. Han kan nå ei høgd på 40-100 cm og er kjenneteikna av klaser av lilla, rosa eller kvite blomar som har ei god, fiolaktig lukt. Dagfiol kan vera to- eller fleirårig. Planten er brukt som medisin, mat og prydplante. Han veks vilt eller forvilla i store delar av Eurasia og Nord-Amerika. Planten har ei blomstringstid frå juni til august i Norden.

Ein rekner med at dagfiol blei innført til Noreg etter 1800.[1] Planten kom til Nord-Amerika på 1600-talet. Han er rekna som invasiv art eller ugras i Canada og i dei amerikanske delstatane Colorado, Connecticut og Massachusetts, som har reglar mot planting og spreiing.[2]

Dagfiol er mellom anna kjend som nattviol på svensk. Dette og det vitskaplege namnet Hesperis (frå gresk for 'kveld') viser til at angen av blomen særleg er sterk om kvelden og natta. Matronalis kjem frå latinets matrona som tyder 'husfrue'.[3] I tillegg til norsk fruefiol er planten også kjend som mellom anna dame’s violet, dames-wort, dame’s gilliflower og mother-of-the-evening på engelsk og julienne des dames eller giroflée des dames på fransk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hesperis matronalis, Rødliste 2010
  2. Plant profile, USDA.gov
  3. Jens Corneliusson, Växternas namn, Wahlström & Widstrand 1997. ISBN 91-46-17102-9. Oppgjeven av Svensk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dagfiol