Dale stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dale stasjon
Stasjonsområdet
Stad Dale
Kommune Vaksdal
Fylke Hordaland
Koordinatar 60°35′11″N 5°48′56″EKoordinatar: 60°35′11″N 5°48′56″E
Distanse 425,29 km frå Oslo
Høgd 43,4 moh.
Opna 1883
Arkitekt Balthazar Lange
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Operatørar NSB
Plassering
Dale stasjon is located in Hordaland

Dale stasjon ligg i Dale i Vaksdal kommune i Hordaland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. I tillegg til lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal stoppar nokre fjerntog ved stasjonen.

Dale ligg mellom Bolstadøyri stasjon og Stanghelle stasjon, 425,29 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen som vart reist til opninga av Vossabanen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Bolstadøyri stasjon, Evanger stasjon og Bulken stasjonVossabanen. Då Bergensbanen skulle opnast var stasjonen i Dale vorten for liten, og han vart flytt til Reimegrend stasjon. Til erstatning vart stasjonen på Voss, som var vorten for liten der, teken ned og flytt til Dale. Også den var teikna av Balthazar Lange.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997) Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie, s. 141 – Gyldendal, Oslo. ISBN 8205252947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]