Bolstadøyri stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bolstadøyri stasjon
Bolstadøyri stasjon 2.jpeg
Bolstadøyri stasjon på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl
Stasjonsområdet
Stad Bolstadøyri
Kommune Voss
Fylke Hordaland
Koordinatar 60°38′16″N 5°57′28″EKoordinatar: 60°38′16″N 5°57′28″E
Distanse 414,13 km frå Oslo
Opna 1883
Arkitekt Balthazar Lange
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Operatørar NSB
Plassering
Bolstadøyri stasjon is located in Hordaland

Bolstadøyri stasjon ligg på Bolstadøyri i Voss kommune i Hordaland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga på strekkja Bergen-Voss-Myrdal som stoppar på stasjonen. Frå 1883 til 1923 heitte stasjonen Bolstad.[1]

Bolstadøyri ligg mellom Jørnevik haldeplass og Dale stasjon, 414,13 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen vart teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Stanghelle stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Evanger stasjon og Bulken stasjonVossabanen.[2] Då Bergensbanen opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bolstadøyri» i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb.
  2. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997) Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie, s. 141 – Gyldendal, Oslo. ISBN 8205252947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]