David Clayton-Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Clayton-Thomas

Clayton-Thomas på scenen i Gulfstream Park i Hallandale i Florida
Fødd13. september 1941 (82 år)
FødestadKingston upon Thames, Surrey, England
FødenamnDavid Henry Thomsett
OpphavCanada, USA
AktivSidan tidleg i 1960-åra
SjangerR&B, rock, funk, pop, jazz
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarBlood, Sweat & Tears
Verka somSongar, musikar, låtskrivar, produsent
PrisarCanadian Music Hall of Fame, Canada’s Walk of Fame

David Clayton-Thomas (fødd 13. september 1941 som David Henry Thomsett) er ein kanadisk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist i det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears. Clayton-Thomas har blitt innlemma i Canadian Music Hall of Fame og i 2007 vart songen hans «Spinning Wheel» innlemma i Canadian Songwriter's Hall of Fame. I 2010 fekk Clayton-Thomas ei stjerne på Canada's Walk of Fame.

Clayton-Thomas byrja musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra og arbeidde på klubbar i Yonge Street i Toronto. Før han flytta til New York City i 1967, var Clayton-Thomas frontmann i dei lokale banda The Shays og The Bossmen, eit av dei første rockebanda med eit element av jazz. Men den verkelege suksessen fekk han først nokre år seinare då han vart med i Blood, Sweat & Tears.

Det første albumet til Clayton-Thomas med bandet, Blood, Sweat & Tears kom ut i desember 1968 og selde ti millionar eskemplar verda over. Albumet låg sju veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og låg inne på lista i 109 veker. Det vann òg prisen for årets album i USA, og Grammyprisen for beste mannlege vokalist. Det inneheldt tre hitsinglar, «You've Made Me So Very Happy», «Spinning Wheel» og «And When I Die», som kvar nådde andreplassen på singellista i USA.[1]

Med Clayton-Thomas som frontmann i bandet, fortsette BS&T med ei rekkje hitalbum, som Blood, Sweat & Tears 3 med Carole King sin «Hi-De-Ho» og Clayton-Thomas sin «Lucretia MacEvil», og Blood, Sweat & Tears 4, som inneheld nok ein Clayton-Thomas-skriven hitsingel, «Go Down Gamblin'» og «Lisa Listen to Me».

I 1972 gav Clayton-Thomas ut det første soloalbumet sitt etter BS&T, berre kalla «David Clayton Thomas». I 1973 kom det andre soloalbumet hans, Tequila Sunrise og i 1974 Harmony Junction. I 1975 kom Thomas attende som frontmann i Blood Sweat & Tears for albuma New City og More Than Ever i 1976. I 1977 gav dei ut Brand New Day, før Thomas i 1978 gav ut eit nytt soloalbum, berre kalla Clayton. I 1980 gav BS&T ut albumet Nuclear Blues med Thomas. I 2004 drog Clayton-Thomas frå New York til Toronto og skipa sitt eige ti mann store band. Sidan då har han turnert og spelt inn fleire album under sitt eige namn.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Plateselskap
1969 David Clayton-Thomas! Decca
1972 David Clayton-Thomas Repertoire
1972 Tequila Sunrise Columbia
1973 Harmony Junction RCA
1977 Clayton ABC Music
1998 Blue Plate Special Stony Plain
1999 Bloodlines DCT
2001 The Christmas Album Fontana North / Maplecore
2005 Aurora Justin Time
2006 In Concert: A Musical Biography Justin Time
2007 The Evergreens Fontana North / Maplecore
2009 Spectrum
2010 Soul Ballads Fuel
2013 A Blues for the New World Antoinette
2015 Combo Audio & Video Labs, Inc.
2016 Canadiana Antoinette / Ils / Universal
2018 Mobius Ils

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Walk That Walk», 3. plassen i Canada.
  • «Brainwashed», 11. plassen i Canada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Clayton-Thomas intervjua på Pop Chronicles (1970)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]