David Lloyd George

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Lloyd George

David Lloyd George, 1. jarl Lloyd-George av Dwyfor (17. januar 186326. mars 1945) var ein britisk statsmann og det siste medlem av det liberale partiet som har vore statsminister i Storbritannia.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Lloyd George vart fødd i Manchester. Han var eitt år gammal då mora tok han og syskjena hans med til Wales etter far deira hadde døydd. Her voks han opp og her lærte han seg det walisiske språket. Etter framgangsrike jusstudiar starta han advokatpraksis i 1884, for året etter å etablere sitt eige advokatfirma. Innan få år hadde firmaet ekspandert, samstundes som politiske syslar opptok han meir og meir. Han var aktiv i sitt første val for Det liberale partiet i 1885. Lloyd George fekk seg eit namn i partiet, og vart i 1890 valt inn i Underhuset. Her skulle han kome til å få sete som representant for dei liberale heilt fram til han døydde.

I den første tida som parlamentsmedlem var han «backbencher» i Underhuset, det vil seie eit meinig medlem utan større innverknad og utan løn. Han forsørgde seg gjennom advokatyrket, der han opplevde vidare framgang utover 1890-talet.

Leiande politikar[endre | endre wikiteksten]

Han vart landskjent som krass kritikar av Boarkrigen. Etter først å ha kritisert grunngjevinga for å gå til krig, gjekk han sidan til angrep på den måten dei britiske generalane førte krigen. Hans engasjement mot Boarkrigen var nær ved å splitte det liberale partiet.

For hans politiske karriere var det kanskje til gagn, for i 1905 vart Lloyd George handels- og industriminister i Henry Campbell-Bannermans regjering. Då Campbell-Bannerman døydde tre år seinare, vart Lloyd George utnemnt til finansminister i Herbert Henry Asquiths nye regjering. Frå dette embetet iverksette han ein rekke sosiale reformer - dei første stega mot ein velferdsstat.

Lloyd George hadde tidlegare gitt inntrykk av å vere pasifist, men var i 1914 talsmann for at Storbritannia skulle gå med i Første verdskrig. Han vart da også valt til rustningsminister i 1915 da den førre regjeringa havarerte etter skandalen som oppstod då det vart kjent at britiske artillerigranatar hadde kvalitetsbrestar. Ved avgangen til Asquith i 1916 overtok Lloyd George som britisk statsminister og krigsminister.

Statsmanns-tida[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia sin krigsinnsats vart leia av ein kyndig, iherdig og pågåande Lloyd George. Ved fleire høve kom han i konflikt med Sir Douglas Haig, øvstkommanderande for dei britiske styrkane på vestfronten, som han mistrudde og såg på som ein uvøren strateg som sløste med soldatane sitt liv. Seinare skulle Lloyd George erklære at han heller burde gått av enn å tillate Haig å vidareføre sin strategi. I marinen tvinga Lloyd George gjennom innføringa av konvoisystemet, sjølv om dette førte til at marineministeren, Sir John Jellicoe gjekk av. Med sigeren i første verdskrig vart Lloyd George vurdert til å vere ein av dei største statsministrane i historia til Storbritannia.

Ved fredskonferansen i Versailles var Storbritannia representert ved Lloyd George. Han ynskte å straffe Tyskland økonomisk og politisk for det han meinte var landets ansvar for verdskrigen, noko som kom klart fram gjennom slagordet han var valt under: «Heng keisaren - la Tyskland betale.» Men han ynskte ikkje å ramme Tyskland så hardt som det Frankrikes president Georges Clemenceau tok til orde for, fordi det kunne framhjelpe ei revolusjonær sosialisme i Tyskland. Han fann det difor rett å gje betinga støtte til punkt i den forsonande linja til USAs president Woodrow Wilson. Lloyd George kom såleis noko på kant med dei to andre sigersmaktene. Han var tilfreds med utfallet av konferansen.

Lloyd George leia ei koalisjonsregjering av liberale og konservative. Misnøgde «backbencherar» hos dei konservative ville at partiet ved det komande 1923-års val skulle gå til val åleine. 187 konservative representantar mot 86 valde denne linja, og Lloyd George-regjeringa måtte gå av i oktober 1922. Sidan hadde Lloyd George liten innverknad på britisk politikk.

Lloyd George blei heidra med Order of Merit i 1919.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]