Dawn of the Black Hearts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dawn of the Black Hearts
Konsertalbum av Mayhem
Utgjeve Januar 1995
Innspelt 28. februar 1990 i Sarpsborg
(1986 i Ski)
Sjanger Svartmetall
Lengd 48:33
Selskap Warmaster Records
Konsertalbum-kronologi 
Live in Leipzig
(1993)
Dawn of the Black Hearts Mediolanum Capta Est
(1999)
Mayhem-kronologi
De Mysteriis Dom Sathanas
(1994)
Dawn of the Black Hearts Out From the Dark
(1995)


Dawn of the Black Hearts er det andre konsertalbumet til Mayhem. Svartmetallalbumet er kanskje mest kjent for sitt kontroversielle plateomslag: eit fotografi av den daude vokalisten Dead, etter sjølvmordet hans i april 1991. Albumet vart kåra til det mest kontroversielle plateomslaget av Gigwise.com i artikkelen deira «The 50 Most Controversial Covers of All Time».

Albumet vart utgjeve 1995, fem år etter innspeling. 300 kopiar vart opphavleg utgjevne av Warmaster Records, eit dotterselskap til Columbia. Desse inneheldt berre åtte spor frå konserten i Sarpsborg, 28. februar 1990. Desse tidlegaste kopiane i inneheldt òg Mayhems logo i gullblekk.

Albumet har vore utgjeve fleire gonger på CD av andre plateselskap; også Warmaster Records har gjort det same. Desse versjonane inneheld ofte ein konsert frå 1986 frå Ski, med Messiah på vokal. Nokre av plateselskapa hevder – feilaktig – at konserten er frå Lillehammer med vokalisten Maniac og Manheim på perkusjon. Lillehammer-konserten gjev akt på å vera meir eksluvist og sjeldan enn Ski-konserten.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg sporliste (innspelt i 1990 i Ski, med Dead som vokalist):
Nr.TittelLengd
1.«Deathcrush»3:36
2.«Necrolust»4:19
3.«Funeral Fog»6:38
4.«Freezing Moon»6:06
5.«Carnage»4:18
6.«Buried by Time and Dust»5:46
7.«Chainsaw Gutsfuck»3:59
8.«Pure Fucking Armageddon»3:15
Ekstra spor på CD, innspelt i 1986, med Manheim på slagverk og Messiah på vokal:
Nr.TittelLengd
9.«Danse Macabre» (Cover av Celtic Frost)1:10
10.«Black Metal» (Cover av Venom)3:00
11.«Procreation of the Wicked» (Cover av Celtic Frost)2:40
12.«Welcome to Hell» (Cover av Venom)3:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Frå 1990, Sarpsborg:

Frå 1986, Ski (bonusspor):

  • Messiah (Eirik Nordheim) – vokal
  • Euronymous (Øystein Aarseth) – gitar
  • Manheim (Kjetil Manheim) – perkusjon
  • Necrobutcher (Jørn Stubberud) – bassgitar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnnstoff[endre | endre wikiteksten]