Dei karniske Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Wolayer Seewarte i Dei karniske alpane.
Foto: Franz-Richard Kunze

Dei karniske alpane er ei fjellkjede i Dei sørlege kalksteinsalpane på grensa mellom Aust-Tyrol, Kärnten og Friuli. Ho strekkjer seg om lag 100 km frå aust til vest mellom elvane Drava, Gail og Tagliamento.

Dei er kalla opp etter den romerske provinsen Carnia, som antakelegvis hadde eit keltisk opphav.

Fjella har gjeve namn til stadiet på den geologiske tidsskalaen kalla carn.

Dei viktigaste toppane er:

Monte Coglians 2 782 m
Kellerwand 2 775 m
Cima dei Preti 2 703 m
Monte Cavallo 2 251 m
Monte Peralba 2 691 m
Monte Cridola 2 581 m
Dobratsch/Dobrac 2 170 m

Dei viktigaste fjellovergangane er:

Oefnerjoch (Forno Avoltri til St. Lorenzen Gail-dalen), gangsti 2 301 m
Wolayer-passet (same til Mauthen), gangsti 1 922 m
Plöcken-passet (Tolmezzo til Mauthen), ridesti 1 360 m

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dei karniske Alpane