Tagliamento
| Tagliamento | ||
| Utspring | Mauriapasset i Friuli | |
| - Høgd | 1 195 moh | |
| Munning | Veneziabukta | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 178 km | |
| Nedslagsfelt | 2 916 km² | |
Tagliamento er ei elv nordaust i Italia som renn frå Alpane til Adriahavet mellom Trieste og Venezia. Ho har sitt utspring ved Mauriapasset på grensa mellom Veneto og Friuli-Venezia Giulia. I den øvre delen renn ho gjennom det historiske Carnia-området, nord i provinsen Udine. I dei midtre og nedre delane dannar ho grensa mellom provinsane Udine og Pordenone og seinare mellom førstnemnde og provinsen Venezia. Til slutt munnar ho ut i Veneziabukta mellom Lignano Sabbiadoro og Bibione.
Tagliamento har eit nedslagsfelt på 2 916 km² og om lag 165 000 innbyggjarar bur innafor dette området.
Dei største byane langs elva er Latisana og San Michele al Tagliamento. I nærleiken finn ein òg Tolmezzo, Gemona del Friuli, San Daniele del Friuli, Spilimbergo, Casarsa della Delizia, Codroipo og San Vito al Tagliamento.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tagliamento frå Engelsk Wikipedia .