Dei sju hava
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei sju hav slik dei vart rekna i antikken
Dei sju hava er eit uttrykk som kan vere eit spesifikt knippe hav, eller som på generell basis kan bety å segle på verdshava.
Innhaldsliste |
Ulike tolkingar [endre]
Moderne tolking [endre]
No til dags blir dei sju hava stort sett brukt til å skildre dei sju største hava på planeten.
- Stillehavet
- Atlanterhavet
- Det indiske havet
- Det karibiske havet
- Middelhavet
- Nordishavet
- Mexicogolfen
«Sjømanns»-tolkingar [endre]
I hydrografivitskapen er det International Hydrographic Organization som lager skiljelinjene for verdshava, basert på korleis havbotnen og straumane er. Oppfatninga av «nordleg» og «sørleg» i sjømannsstanden kan vere fordi dei heller brukte klima som skiljelinje.
- Nordre Stillehavet
- Sørlege Stillehavet
- Nordlege Atlanterhavet
- Sørlege Atlanterhavet
- Nordishavet
- Sørishavet
- Det indiske havet