United States Army

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Den amerikanske hæren)
Gå til: navigering, søk
Emblemet til United States Army

United States Army er hæren i USA, og har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar på land.

US Army kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775, då The Continental Army vart skipa for å ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane. Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Kontinentalarmeen lagt ned, og Kongressen oppretta United States Army 3. juni 1784.

I 2005 tenestgjorde 488.579 personar i US Army. I tillegg stod 333.177 i US Army National Guard og vel 189.000 i US Army Reserve Forces.

US Army vert styrt av Department of the Army, som er leia av Secretary of the Army. Høgste militære tenestemann i departementet er Chief of Staff of the Army.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.