Den indiske grunnloven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indias grunnlov

Den indiske grunnloven blei vedteken 26. november 1949 og tredde i kraft 26. januar 1950. Han er den lengste nedskrivne grunnloven til noko sjølvstendig land i verda, med 448 paragrafar og 12 tillegg (addendum), til saman oppimot 80 000 ord.[1] Grunnloven er skriven på engelsk, men har også ei offisiell hindiomsetjing.

Innleiinga til grunnloven erklærer India som ein suveren sosialistisk sekulær demokratisk republikk og garanterer innbyggjarane rettvise, likestilling og fridom.[2] Orda «sosialistisk» og «sekulær» blei lagde til i 1976.[3] Grunnloven blir feira kvart år den 26. januar, republikkens dag.[4]

Frå den indiske grunnlovsforsamlinga.

Juristen og aktivisten B.R. Ambedkar er ofte rekna som far til grunnloven. Andre viktige deltakarar i den indiske grunnlovsforsamlinga var Jawaharlal Nehru, C. Rajagopalachari, Rajendra Prasad, Sardar Vallabhbhai Patel, Kanaiyalal Munshi, Purushottam Mavalankar, Maulana Abul Kalam Azad, Shyama Prasad Mukherjee, Nalini Ranjan Ghosh og Balwantrai Mehta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pylee, M.V. (1997). India's Constitution. S. Chand & Co.. s. 3. ISBN 81-219-0403-X. . Oppgjeven av Engelsk Wikipedia.
  2. «Preamble of the Constitution of India». Ministry of Law & Justice. http://lawmin.nic.in/olwing/coi/coi-english/Const.Pock%202Pg.Rom8Fsss%283%29.pdf. Henta 4. november 2013. 
  3. «Forty-Second Amendment to the Constitution». Ministry of Law and Justice of India. 28 August 1976. http://indiacode.nic.in/coiweb/amend/amend42.htm. Henta 2008-10-14. 
  4. Das, Hari (2002). Political System of India. Anmol Publications. s. 120. ISBN 81-7488-690-7. 
Spire Denne rettsvitskapsartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.