Jawaharlal Nehru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jawaharlal Nehru

Fødd14. november 1889
Allahabad
Død27. mai 1964 (74 år)
Statsborgar avBritisk India, India, Unionen India
PartiKongresspartiet
Yrkeskribent, politikar, sjølvbiograf, Skrankeadvokat, fagforeiningsleiar, fridomskjempar
Utdanna vedCity Law School
Trinity College i Cambridge
Harrow School
MorSwarup Rani Nehru
FarMotilal Nehru
EktefelleKamala Nehru
BarnIndira Gandhi
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Fabian Society
VervStatsminister i India 1947-1964
FøregangarIngen
EtterfylgjarGulzarilal Nanda
Alle verv
Jawaharlal Nehru i 1920.

Jawaharlal Nehru (14. november 188927. mai 1964) var ein politisk leiar i India under kampen for sjølvstende og etterpå. Han blei den første statsministeren av frie India i 1947, og sat i stillinga til han døydde i 1964. Nehru var avgjerande for utforminga av politikken til Kongresspartiet og dermed mykje av det moderne indiske samfunnet. Etter han har etterkomarane hans, Gandhi-Nehru-dynastiet, hatt stor innverknad på landet. Nehru hadde også ei viktig rolle i internasjonal politikk, der han blei rekna som leiaren til dei alliansefrie nasjonane. Han er ofte omtala som Panditji ('respektert lærd mann') eller Pandit Nehru.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jawaharlal Nehru ved Harrow som femtenåring.

Jawaharlal Nehru var fødd i Allahabad i Uttar Pradesh. Familien hans var kasjmirske brahminar, og faren, Motilal Nehru, var politisk aktiv for indisk sjølvstende. Barna i familien lærte tidleg engelsk språk og skikkar i tillegg til hindi og sanskrit. Jawaharlal fekk ei vestleg utdanning ved Harrow School i London og ved Universitetet i Cambridge, der han blei advokat. Under opphaldet i England hadde Nehru blitt påverka av akademisk radikalisme og skeptisisme, og hadde blitt kjend med idear som fabiansk sosialisme, irsk nasjonalisme og britisk parlamentarisme.

Då han kom tilbake til India slutta han seg til fridomsrørsla. Han blei med i Indian National Congress, forløparen til Kongresspartiet, og avløyste faren som leiar for dette i 1929. Nehru slutta seg til Gandhi sitt ikkje-valdsprogram, med visse atterhald. På 1930-talet var han med på å grunnleggja Congress Socialist Party.

Nehru hadde gifta seg med Kamala Kaul i 1916, og fekk dottera Indira Priyadarshini i 1919. For arbeidet sitt for sjølvstende blei han fengsla fleire gonger av britane. Medan han sat i fengsel skreiv han fleire brev og bøker. Både faren og kona døydde medan han sat inne.

I 1942 blei Nehru fengsla for si rolle i Quit India-kampanjen og sloppe fri etter 32 månader. I juli 1946 danna han den første indiske regjeringa, men året etter blei Pakistan skild ut som eit eige muslimsk land.

Då den første statsministeren skulle utpeikast stod valet mellom Nehru og Sardar Patel, ein annan tilhengjar av Gandhi. Ni av dei femten provinsråda stemte på Patel, men han trekte seg etter oppfordring frå Gandhi. Nehru blei dermed den første stats- og utanrikisministeren i India.

Nehru døydde i Delhi i 1964 etter eit hjarteinfarkt. Han blei kremert ved breidda av Jamuna. Dottera Indira Gandhi blei seinare statsminister i India. Det blei også sonen hennar, Rajiv Gandhi.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Innanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

A moment comes, which comes but rarely in history, when we step out from the old to the new, when an age ends, and when the soul of a nation, long suppressed, finds utterance. It is fitting that at this solemn moment, we take the pledge of dedication to the service of India and her people and to the still larger cause of humanity.

Frå talen «A Tryst with Destiny», halden i den indiske folkeforsamlinga då landet fekk sjølvstende 14. august 1947.

I innanrikespolititikken arbeidde Nehru for ein sameina, sekulær og demokratisk stat med planøkonomi og satsingar på industrialisering og sociale framsteg. Han var fascinert av Sovjetunionen sine femårsplanar, og prøvde å innføra noko liknande i India. Samtidig ønska han ikkje å gje opp kapitalismen, men ville ha ein «demokratisk sosialisme» med trekk frå både sosialisme og kapitalisme. For å oppnå dette sørgde han for at staten hadde ei rolle i flest mogleg prosjekt, samtidig som han prøvde å sørga for at den økonomiske veksten som følgde blei jamt fordelt.

Nehru hadde ei viktig rolle i oppbyginga av den offentlege administrasjonen til India. Han la grunnlaget for landet sine utdanningsprogram, atomprogram, romprogram, ei enorm vidareutbygging av jernbanenettet og ein stor farmasøytisk industri.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Hovudfilosofien i utanrikspolitikken til Nehru var at han ikkje ønskte at India skulle knyta seg til aust- eller vestblokkene. Han blei derfor grunnleggjar og leiar av Den alliansefrie rørsla.

Nehru var ein tilhengjar av pasifisme, men stod fast på at India skulle ha kontrollen over Kashmir, ei konflikt som førte til den første Kashmir-krigen, og som fortsatt ulmer. Under Nehru brukte Sardar Patel, som innanriksminister, brukte den indiske hæren til å sikra sjølvstendige Hyderabad og seinare det portugisisk-styrte Goa som indiske statar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jawaharlal Nehru