Den indre kjernen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den indre kjernen til jorda er den indre og varmaste delen av jorda. Han er om lag 1220 km i radius og berre 70 % av radiusen til månen. Ein trur at han består av ei blanding av jern og nikkel og kan ha ein temperatur liknande overflata til sola.[1]
Den indre kjernen roterer raskare enn resten av jorda, slik at han kvart år vinn ein kvart omdreiing. Dette kan vere ei av årsakene til jordmagnetismen.
Oppdaging [endre]
Seismologen Inge Lehmann oppdaga at det fanst ein indre kjerne som skilde seg frå den faste ytre kjernen i 1936[2] ved hjelp av observasjonar frå seismiske bølgjer skapt av jordskjelv.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Inner core» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Store norske leksikon, snl.no, «Den indre kjernen» av Inge Bryhni