Den internasjonale astronomiske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den internasjonale unionen (IAU) foreiner dei nasjonale astronomiforeningane fra heile verda. Han er medlem i Det internasjonale forskingsrådet (ICSU). IAU er den einaste autoriteten for namngjeving av stjerner, planetar, asteroidar og andre himmellekamar og -fenomen.

Arbeidsgrupper internt er mellom anna Arbeidsgruppa for namngjevingar i planetsystem (WGPSN), som styrar namnekonvensjonane til IAU for lekamar av planetstorleik.

IAU er au ansvarleg for systemet med Astronomiske telegram, sjølv om han ikkje driv det.

IAU blei danna i 1919, som ei samanslutting av diverse nasjonale prosjekt. Desse prosjekta var til dømes Carte du Ciel, Solunionen og Det internasjonale tidsbyrået (Bureau International de l'Heure). Den fyrste leiaren var Benjamin Baillaud.

IAU har per i dag 9040 individuelle medlemer, det vil seie profesjonelle astronomar (hovudsakleg) på doktorgradsnivå og 63 nasjonale medlemer (med andre ord land som er tilknytta IAU). 87 % av medlemene er mannlege, 13% kvinnelege. Leiaren nå er Ronald D. Ekers.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]