Den kinesiske muren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren

Den kinesiske muren (kinesisk 萬里長城; forenkla 万里长城; pinying Wànlĭ Chángchéng, 'den lange borga på 10 000 li¹), er ein omlag 6 400 kilometer lang mur og er eit forsvarverk bygd av jord og stein.

Muren ligg i det nordlege Kina. Han vert rekna som jordas største byggverk og vart bygd under Ming-dynastiet frå slutten av 1300-talet til byrjinga av 1600-talet. Muren skulle verna Kina mot plyndringar fra mongolske og tyrkiske stammer. Fleire andre murar vart påbyrja på 200-talet fvt. av Shi Huangdi, den første keisaren av heile Kina.

Fleire delar av den kinesiske mur er øydelagt eller forsvunne med tida. Lokale innfødte har nytta steinen til byggemateriale. I dag er muren freda og vart oppført på verdsarvlista til UNESCO i 1987.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Den kinesiske muren

[endre] Fotnoter

¹ 10 000 li = 5 760 km. 10 000 er eit bilete for uendeleg på kinesisk, slik at namnet på muren tyder «den uendeleg lange borga».

Personlege verktøy