Den nearktiske regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over den nearktiske regionen.

Den nearktiske regionen er ein av dei åtte biogeografiske regionane verda vert delt i. Han omfattar mesteparten av Nord-Amerika, inkludert Grønland og nordlege Mexico. Sørlege delar av Mexico, sør-Florida, Mellom-Amerika og Karibia vert rekna med i den neotropiske regionen.

Nearktis er for det meste prega av arktisk, borealt og temperert klima, og er dominert av mange av dei same gruppene som den palearktiske regionen. Ofte vert desse to difor slått saman til ein holarktisk region.