Den ortodokse kyrkja i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Hellige Olga menighet» (Moskvas og heile Russlands patriarkat) i Oslo

Den ortodokse kyrkja i Noreg er representert med kyrkjelydar både under Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel og Moskvas og heile Russlands patriarkat, det serbiske patriarkatet og nokre andre. Det var i 2008 ni ortodokse prestar og ein diakon som budde fast i Noreg.

Den russiske ortodokse kyrkja i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo, «Hellige Nikolai menighet», men denne er ikkje underlagt Moskvapatriarkatet. Kyrkjelyden har heile tida vore underlagt erkebiskopen for russiske kyrkjelydar i Vest-Europa med sentrum i Paris, som igjen er ein del av Det økumeniske patriarkatet i Konstantinopel.

«Hellige Treenighet Kirkeforening» vart danna i 2002 for å bidra til å gjere trua og tradisjonane til den russisk-ortodokse kyrkja tilgjengelege for norskspråklige. Foreininga er òg eit kontaktpunkt for norskspråklege i dei russisk-ortodokse kyrkjelydene i Noreg.

I Noreg er det tre kyrkjelydar underlagt Moskvapatriarkatet:

«Hellige Olga menighet» (Moskvas og heile Russlands patriarkat) i Oslo har Vår Frelsers ortodokse kirke. Presten i Oslo forrettar òg gudstenester i kapellet som er vigd til Heilage Nikolai i Tromsø bymisjon sine lokaler. (Prest Kliment Huhtamäki)
«Kristi åpenbaringsmenighet» i Bergen har St. Sunniva kapell, men har òg halde til i Mariakyrkja. Presten i Bergen held òg stundom gudstenester i Stavanger.
«Hellige Irina menighet» i Stavanger feirar gudstenester i den katolske St. Svithuns kirke i Stavanger.
Biskopen av Murmansk og Montsjegorsk har ansvaret for den russisk-ortodokse kyrkjelyden i Kirkenes, «Hellige Trifons menighet»