Den saliske lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den saliske lov: Første sida av sjølve dokumentet (Bibliotháque Royale, nr. 4404).

Den saliske lova (Pactus Legis Salicae) vart nedskrive i åra 507-511 på befaling av merovingarkongen Klodvig I. Dermed er ho ei av dei eldste, bevarte lovsamlingar. Ho høyrer til blant dei såkalla «germanske stammelovene».

I den saliske lova vart den gamle, munnleg overleverte sedvaneretten hos dei «saliske frankarane» skriven ned for første gong. Sjølv om ho truleg er yngre enn både den visigotiske samlinga, Codex Euricianus og den burgundiske Lex Burgundionum, rommar ho fleire opphavlege germanske trekk, fordi frankarane ikkje var romanisert i så høg grad på dette tidspunktet. Artiklane dreier seg om alle mogelege rettsforhold og det framgår at den skuldige - om han var fri mann - nesten alltid måtte betale ei pengebot. Dei ufrie derimot vart straffa med fysisk straff så som pisk eller slag med stokk og i nokre få tilfelle òg med dødsstraff.

Det var altså skilnad på straffene alt etter kven som var den skadelidane. Til dømes fekk ein ei bot på 67,5 skilling, om ein hadde drepe ein ikkje-frankar eller romersk borgar. Drap på ein fri frankar vart derimot straffa med ei bot på 200 skilling. Med nesten moderne føresjånad var det bøtestraff for bruk av hånande fråsegner og til dømes vart ordet «ludder» straffa med ei bot på 45 skilling.

Dessuten inneheldt den saliske lova avgjersler om arverett og organisering av domstolen. I tilknyting til desse arverettsavgjerslene vart tronfølgja i mange europeiske monarki fastlagt slik, at kvinner ikkje kunne arve krona, sjølv ikkje når det mangla mannlege arvingar. Denne særlege avgjersla i den saliske lova vert i dag ofte forstått som heile innhaldet av lova. Lova gjeld enno i visse monarki, som til dømes i Liechtenstein og som husorden i dei fleste tyske adelshus. Mange av monarkia som nytta den saliske lova gjennom hundreår har i dag opna for kvinneleg arvefølgje.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Karl August Eckhardt: Lex salica, 1969 (Monumenta Germaniae Historica; Leges; Leges nationum Germanicarum; 4, 2) ISBN 3-7752-5054-9

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]