Den sentrale svartjordregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oblast i Den sentrale svartjordregionen
Ivan Sjisjkin sitt måleri av skogkledd steppe tilpassa jordbruk.

Den sentrale svartjordregionen (russisk Центрально-черноземная область - Tsjentralno-tsjernozemnaja oblast, Центральная черноземная область - Tsentralnaja tsjernozemnaja oblast, Центрально-черноземная полоса - Tsentralno-tsjernozemnaja polosa) er ein del av det eurasiatiske svartjordbeltet som ligg i sentrale delar av Russland og som består av Voronezj oblast, Lipetsk oblast, Belgorod oblast, Tambov oblast, Orjol oblast og Kursk oblast. Mellom 1928 og 1934 vart desse områda ein kort periode slått saman til Sentrale Tsjernozem oblast, med senter i Voronezj.

Svartjordregoinen er kjend for eit særs godt jordsmonn, kalla svartjord, eller «tsjernozem». Sjølv jordbruk hovudsakleg har vore viktigast i området vart det utvikla industri basert på jernmalm i sovjettida i magnetanomalien i Kursk.

Området inneheld eit biosfærereservat kalla Sentrale Tsjernozem reservat (42 km²). Det vart danna i 1935 innanfor Kursk og Belgorod oblast. Området er eit døme på skogssteppe i Europa og inneheld typisk grenseområde mellom stepper og lauvskogar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]