Ivan Sjisjkin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ivan Kramskoj:Portrett av Ivan Sjisjkin, 1880

Ivan Ivanovitsj Sjisjkin (på russisk Иван Иванович Шишкин) (25. januar 183220. mars 1898) var ein russisk landskapsmålar med kontaktar til Peredvizjnikij-rørsla.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Sjisjkin vart fødd i byen Jelabuga i Vjatka-guvernementet (dagens Tatarstan). Etter eksamen frå gymnasiet i Kazan, studerte han i fire år ved Høgskulen i teikning, måling og arkitektur i Moskva. Frå 1856 til –60 hadde Sjisjkin plass ved St. Petersburgs Keisarlege Kunstakademi, derifrå gjekk han ut med dei beste avgangspapir. Han mottok keisarleg stipend til å studere vidare i Europa.

Ei tid budde og arbeidde Sjisjkin i Sveits og Tyskland (Dresden og Düsseldorf). Han stilte ut både i München og Zürich. Etter han i 1865 kom tilbake til St. Petersburg vart han med i gruppa av (flest) kunstmålarar som arbeidde for ein meir realistisk målarkunst (Peredvizjnikij-rørsla) og i det Russiske selskap for akvarellmålarar.

Ved tilbakekomsten til Russland vart Sjisjkin medlem av Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg og virka som professor i kunstmåling frå 1873 til 1898. Samstundes leidde han klassa som dreiv med landskapsmåling ved den høgare kunstskulen i St. Petersburg. Han deltok i fleire utstillingar ved Kunstakademiet i St. Peterburg og den Stor-Russiske utstillinga i Moskva i 1882, i Nizjnij Novgorod (1896), og på verdsutstillingane i Paris i 1867 og 1878, og Wien i 1873.

Regn i eikeskog, 1891

Målestil[endre | endre wikiteksten]

Sjisjkins målemåte baserte seg på grundige studiar av naturen. Verka hans er prega av ei poetisk framvising av årstidene i skogane, den urøyvde naturen, dyra og fuglane. Impulsar frå den tyske, romantiske målaren Caspar David Friedrich er tydeleg i mykje av kunsten hans. Sjisjkin eigde ein datsja i Vyra, sør for St. Petersburg. Der måla han nokre av sine finaste landskapsmåleri. Han vart berømt for sine skoglandskap, og var elles ein framifrå teiknar og litograf. Han døydde i St. Petersburg medan han arbeidde på eit nytt måleri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Ivan Shishkin» frå engelsk wikipedia, den 27. februar 2009.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ivan Sjisjkin