Den somaliske plata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den austafrikanske rifta, med den somaliske plata til høgre.

Den somaliske plata eller Somaliplata er ei jordskorpeplate som vert forma etter kvart som den afrikanske plata splittar seg langs den austafrikanske rifta. Delen av den afrikanske plata som ligg på den andre sida av rifta vert stundom kalla den nubiske plata. DSesse to delane av den afrikanske plata vert geeneralt rekna som protoplater, og ikkje fullverdige sjølvstendige jordskorpeplater.

Den somaliske plata grensar i vest til den austafrikanske rifta, som strekkjer seg søver gjennom Aust-Afrika frå trippelpunktet i Afarsenkinga. Den nordlege grensa er Adenryggen langs kysten av Saudi Arabia. Den austlege grensa er Den sentralindiske ryggen, der er den nordlege delen vert kalla Carlsbergryggen. Den sørlege grensa er Den sørvestindiske ryggen. Datering av vulkansime på Komorane og nordlege Madagaskar indikerer at rørsla austover er kring 45 mm/år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]