Dent du Géant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dent du Géant
Den spisse tinden til Dent du Géant (venstre) på den vestlege sida av Rochefort-ryggen (i midten)
Den spisse tinden til Dent du Géant (venstre) på den vestlege sida av Rochefort-ryggen (i midten)
Høgd over havet 4 013 moh
Ligg i/på Frankrike Frankrike Italia Italia
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Koordinatar 45°51′43″N 6°57′6″EKoordinatar: 45°51′43″N 6°57′6″E
Førsteklatring 20. august 1882 av William Woodman Graham med guidane Auguste Cupelin og Alphonse Payot
Lettaste rute Sørvestsida (AD)

Dent du Géant er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Frankrike og Italia med ei høgd på 4 013 meter over havet.

Fjellet har to toppar, som ligg på kvar side av eit om lag 25 meter langt skår:

  • Pointe Graham (4 013 m), først klatra av W. W. Graham med guidane Auguste Cupelin og Alphonse Payot 20. august 1882.
  • Pointe Sella (4 009 m), først klatra av Jean Joseph Maquignaz med sonen Baptiste Maquignaz og nevøen Daniel Maquignaz 28. juli 1882. Det same laget klatra Pointe Sella ein gong til neste dag i lag med Alessandro Sella, Alfonso Sella, Corradino Sella og Gaudenzio Sella. Graham merka på si første klatring at ein av Maquignaz-familien hadde gravert ein M i berget like nedanfor toppen av Pointe Sella.

Ingen nådde toppen av Dent du Géant under den så kalla Gullalderen for fjellklatring, og fjellet var ein ettertrakta topp i 1870-åra. Mange som prøvde å nå toppen frå Rochefort-ryggen måtte snu. I 1880 prøvde Albert F. Mummery og Alexander Burgener å tvinge seg opp på sørvestsida, men måtte gje opp på grunn av eit område med skifer-liknande berg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Dent du Géant på SummitPost

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dent du Géant