Alexander Burgener
Alexander Burgener (10. januar 1845–8. juli 1910) var ein sveitsisk fjellførar og fyrstebestigar av mange fjell, og av nye klatreruter, i vest-Alpane i perioden 1870-87.
Burgener voks opp i enkle tilhøve på garden Huteggen i bygda Eisten i Saas-Fee. I ungdomen var han geitegjetar og dreiv som gemsejeger på Balfrin. 20 år gamal la han ut på sin fyrste tur som fjellførar. Heile livet var han busett i Eisten.
Burgener skal ha vore med påom lag 46 fyrstebestigingar, der i mellom klatreruter til toppar som var bestigne tidlegare. Saman med Albert Mummery føretok han 3. september 1879 den fyrste oppstiginga langs Zmuttgrat på Matterhorn. Dei same to kleiv i lag på fyrstebestigningane av Grands Charmoz (1880) og Aiguille du Grépon i Mont Blanc-massivet (5. august 1881). Tidlegare hadde Burgener saman med den britiske fjellklatraren Clinton Thomas Dent stått for den fyrste bestiginga av Lenzspitze (august 1870) og av Grand Dru (12. september 1878).
I 1899 besteig han austtoppen på Piz Palüs langs nordvestpillaren. Det fanst knapt eit einaste av dei kjende fjelltoppane i Vest-Alpane, som han ikkje hadde vore på. I tillegg kom turen til fjell i Kaukasus.
Burgener var teken av og omkom i eit snøskred på Jungfrau sommaren 1910, nær Berglihütte i Bern-Alpane.
Fyrstebestigingar[endre]
- Lenzspitze, 1870
- Portjengrat, 1871
- Aiguille du Dru, 1878
- Zmuttgrat på Matterhorn, 1879
- Travers av Col du Lion, 1880
- Grands Charmoz, 1880
- Charpouaveggen på Aiguille Verte, 1881
- Aiguille du Grépon, 1881
- Frontier ridge på Mont Maudit, 1887
- Teufelsgrat på Täschhorn, 1887
- Denne artikkelen bygger på «Alexander Burgener» frå Wikipedia på tysk og «Alexander Burgener» frå Wikipedia på engelsk,, den 16. mars 2010.