Derwent i Derbyshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 52°52′26″ N 1°19′13″ W
Derwent
elv
none  Derwent, nær Hathersage
Derwent, nær Hathersage
Land Flag of England.svg England
Grevskap Derbyshire
Tilløp
 - venstre Bentley Brook, River Amber
 - høgre Westend, Ashop, Noe, Wye
Kjelde
 - stad Bleaklow, aust for Glossop
 - koordinatar 53°28′1″ N 1°48′47″ W
Munning
 - stad Derwent Mouth i Trent
 - koordinatar 52°52′26″ N 1°19′13″ W
Lengd 106 km

Derwent er ei elv i Derbyshire i England. Ho er 106 kilometer lang, og er ei sideelv til Trent, som ho renn inn i sør for Derby. Namnet er keltisk, og tyder «dal med tett eikeskog».

Elva har utspringet sitt ved Bleaklow austom Glossop i Peak District. Ho renn gjennom Upper Derwent Valley, der ein finn dei tre vassreservoara Howden-reservoaret, Derwent-reservoaret og Ladybower-reservoaret. Ho bidreg så indirekte med vatn til Carsington-reservoaret gjennom tunnelar og akveduktar. Elva renn vidare gjennom Bamford, Hathersage, Grindleford og Baslow. Ved Chatsworth House renn Wye inn i Derwent. Etter å ha runne gjennom Darley Dale når ho så Matlock, før ho renn vidare forbi Cromford og gjennom Crich Chase naturreservat. Ved Derwent Mouth, halvannan kilometer austom Shardlow, munnar ho ut i Trent.

Derwent har gjeve kraft til mange bomullsfabrikker i dalen. Ein del av desse er verna som verdsarvstaden Derwent Valley-møllene.

Derwent rett sør for Duffield.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Derwent i Derbyshire