Derby i Derbyshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Derby i Derbyshire

Derby Cathedral
Derby Cathedral
Motto
«Industria, Virtus, et Fortitudo»
Plassering
Derby i Derbyshire is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Derbyshire
Grunnlagd 600
Geografi
Flatevidd
 - By

78,03 km²
Innbyggjarar
 - By (2006 est.)
   - folketettleik

236 300
  3 028,3 /km²
Koordinatar 52°55.32′″N 1°28.55′″WKoordinatar: 52°55.32′″N 1°28.55′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer DE
Telefon-retningsnummer 01332
Nettstad: www.derby.gov.uk
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Derby i Derbyshire

Derby er ein by og sameint styresmakt i England. Han ligg ved elva Derwent i Derbyshire. Tradisjonelt har byen vore administrasjonssenter for Derbyshire, men sidan Derby i 1997 vart ei sameint styresmakt har grevskapet vorte administrert frå Matlock. Byen har blant anna jernbaneverkstedar og porselensindustri (Royal Crown Derby Porcelain Company) etablert i 1750. Byen er særleg kjent for flymotorfabrikken Rolls Royce.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har tilknyting til romarane, angelsaksarane og vikingane. Den romerske festninga Derventio låg truleg ved Little Chester/Chester Green, og seinare var byen ein av dei fem festningsbyane i Danelagen. Byen har feira sitt 2000-årsjubileum som busetjing.

Opphavet til namnet er uklar. Mange hevdar at det kjem frå namna til danane Deor-a-by, «Landsbyen til rådyra», medan andre meiner det kjem frå det romerske namnet Derventio. Byen vart kalla Darby eller Darbye på nokre av dei eldste karta over området.

Under den engelske borgarkrigen 16421646 hadde parlamentsstyrkane ein garnison i byen, under sir John Gell som i 1643 vart guvernøren til byen. Styrkane deltok i forsvaret av Nottingham, kringsetjinga av Lichfield, slaget ved Hopton Heath og fleire andre trefningar. Dei forsvarte òg Derby mot rojalistane.

Under den industrielle revolusjonen var Derby og Derbyshire sentrale stader. I 1717 vart den første silkemøllen drive av vasskraft opna i Derby. I 1759 patenterte Jedediah Strutt ein maskin som revolusjonerte strømpeproduksjonen. Det var òg ei rekkje andre nyvinningar som så dagens ljos for første gongen i Derby.

I 1745 slo Bonnie Prince Charlie leir i Derby under forsøket sitt på å krevje den engelske trona. Forsøket hans vart oppgjeve ved Swarkestone Bridge, berre nokre kilometer sør for Derby.

Byen fekk status som city i 1977 i samband med 25-årsjubileet til Eliszabeth II som dronning. Fram til dette var Derby ein av særs få katedralbyar i Storbritannia som ikkje hadde status som city.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Fotballaga til byen Derby County F.C., etablert i 1884, spelar i The Championship. Klubben vann førstedivisjonstittelen, den gong den høgaste i engelsk fotball, i 1972 og 1975. Cupmeister i 1946. Heimebana til laget er Pride Park Stadium. Tidlegare heimebane var Baseball Ground.

Ein årleg utandørskonsert i Darley Park er ein av dei største regelmessige gratiskonserter som blir arrangert. Byen er òg kjent for jazz, sidan Derby Jazz Group er ein av dei mest aktive jazzorganisasjonar i Storbritannia.

Derby Arboretum var den første offentlege parken i England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Derby i Derbyshire