Det algeriske flagget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det algeriske flagget vart teke i bruk 3. juli 1962, men ein hadde tidlegare hatt liknande flagg. Det er grønt og kvitt med ein raud halvmåne og ei stjerne midt på. Grøn er islam-fargen og halvmånen symbolet for religionen. Den kvite fargen tyder reinleik og den raude sosialisme.