Det libyske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det libyske flagget.
Det libyske orlogsflagget

Det libyske flagget er delt i tre vassrette striper med eit halvmåne og stjerne-merke i midten. Flagget blei først teke i bruk av kongedømet Libya i 1951, etter at landet fekk sjølvstende frå Italia, og igjen av libyske opprørarar mot styret til Muammar Gaddafi i 2011.

Flagg under Muammar Gaddhafi[endre | endre wikiteksten]

Frå 1969 til 1977 brukte Den libyske arabiske republikken ein trikolor i raudt, kvitt og svart, frå 1972 med riksvåpenet i midten. I 1977 innførte diktatoren Muammar Gaddafi eit einsfarga grønt flagg. Dette var det einaste nasjonalflagget i verda utan noka form for mønster. Grønfargen er heilag i islam, og står for denne religionen. Det grøne flagget blei teke i bruk den 19. november 1977, etter oppløysinga av føderasjonen av arabiske republikkar, der Egypt og Syria hadde vore med.

Orlogsflagget hadde nasjonalflagget i kantonen på ein lys blå duk. Eit eige maritimt merke, eit kvitt anker med kabel, er plassert i den frie enden av flagget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]