Det sørafrikanske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det sørafrikanske flagget.

Det noverande sørafrikanske flagget vart teke i bruk 27. april 1994. Etter at apartheidstyret tok slutt hadde mange sørafrikanarar sterke ønske om å byte ut det dåverande flagget, som ein meinte ytra rasistisk imperialisme, med eit anna. For å kome fram til eit nytt flagg, vart det oppretta ein komite som skulle drøfte dei ulike framlegga som kom inn. Ingen av desse framlegga vart godkjende, så eit utkast til eit mellombels interimflagg måtte lagast framfør valet. Dette flagget vart teken så godt imot at styresmaktene like godt godkjende flagget som nasjonalflagg.

Etter at det nye flagget var laga, vart det offisielt sagt at valet av fargar og mønster ikkje hadde noko spesiell symbolsk tyding, verken valet av fargar eller mønster. I seinare tid har det vore hevda at Yen i flagget skulle stå for ein konvergens mellom den svarte og den kvite befolkninga som ein samla nasjon. Raudfargen skulle stå for blodet som vart utgytt i alle dei forskjellige krigane og urolegheitene. Blåfargen for himmelen og dei to hava som omkrinsar landet. Gulfargen – for naturressursane (særleg gullet) – og grønfargen som symbol for gardsbruka og det sørafrikanske naturmiljøet. Svart- og kvitfargen skulle stå for den blanda, men likeverdige befolkninga.

Det sørafrikanske flagget frå 1928 til 1994.

Historisk flagg[endre | endre wikiteksten]

Det første nasjonalflagget i Sør-Afrika var hadde tre vassrette striper i oransje, kvitt og blått, og vart teke i bruk i 1928. I midtstripa viste det tre mindre flagg: Britiske Union Jack nærast flaggstanga, flagget til Oranjefristaten i midten, og Transvaalflagget ytst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]