Det fjerne Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det fjerne austen)
Kart over Det fjerne austen

Det fjerne Austen er eit europeisk omgrep for landa aust i Asia,[1] i stor grad tilsvarande den nyare nemninga Aust-Asia. Omgrepet kom i bruk i Europa på 1400-talet særleg i det britiske imperiet som ei neming for den fjernaste Austen, forbi Det nære austen og Midtausten.[2] Før første verdskrigen vart Det nære Austen brukt om landa nær det osmanske riket, Midt-Austen om nordvestlege Sør-Asia og Sentral-Asia, og Det fjerne Austen om land langs den vestlege delen av Stillehavet og den austlege delen av Indiahavet.

Nemninga er like så mykje knytt til kultur som til geografi; Australia og New Zealand, som kulturelt er vestleg orientert, vert aldri omtalt som ein del av det fjerne Austen.

Det kinesiske Qing-dynastiet hadde eit motsvarande omgrep for land vest for den arabiske verda, Tàixī (泰西) eller «fjerne vesten».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fjerne østen». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 18. september 2019. 
  2. «Where is the Middle East? The Near East? The Far East?». Dictionary.com. 24 February 2012. Henta 19 October 2021.