Det jamaikanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det jamaikanske riksvåpenet i dag.

Det jamaikanske riksvåpenet er eitt av dei eldste våpna tildelte britiske koloniar. Det vart laga av briten William Sandcroft, som då var erkebiskop av Canterbury, og teke i bruk i 1661. Våpenet vart endra noko i 1957.

Det gamle riksvåpenet (men med engelsk motto).

Våpenet viser eit par tainoar frå øya, ein innfødd spisskrokodille på ein trestokk, og eit mønster med ananas, fordi då våpenet blei laga meinte ein at ananas kom frå Jamaica.

Det originale mottoet på latin, «Indus Uterque Serviet Uni», blei endra til engelsk «Out of Many, One People» (Av mange, eitt folk) då landet blei sjølvstendig i 1962.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]