Det kostarikanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det kostarikanske riksvåpenet

Det kostarikanske riksvåpenet viser eit smalt land med tre vulkanar, og eit hav med seglskip i på kvar, ei sol som stig opp frå havet og sju stjerner i ei rekkje på himmelen over. To band med tekstane Republica de Costa Rica og America Central står på band over skjoldet. Våpenet i si noverande utforming blei teke i bruk som riksvåpen av Costa Rica den 5. mai 1998, men byggjer på ei tidlegare utgåve frå 1848.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Riksvåpenet frå 1848 til 1906.

Som spansk koloni hadde Costa Rica brukt våpenet til den spanske monarken. Etter sjølvstendet frå Spania i 1821 blei Costa Rica del av Det meksikanske riket i nokre år. Frå 1823 til 1830-åra var landet del av Den mellomamerikanske føderasjonen. Først i 1840-åra trong landet eit eige riksvåpen.

Den første kostarikanske frimerkeserien, frå 1863, hadde riksvåpenet som motiv.

Det kostarikanske flagget og riksvåpenet fekk sine første utformingar under presidentskapet til Jose Maria Castro Madriz, og skal ha blitt utforma av kona hans, Pacifica Fernandez. Dette riksvåpenet blei offisielt teke i bruk den 29. september 1848, og var motiv på det første frimerket landet gav ut. Våpenet blei endra 27. november 1906, då militærsymbol, flagg og overflodshorn blei tekne ut. I 1964 blei talet på stjerne auka frå fem til sju.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Dei sju stjernene står for dei sju provinane i Costa Rica. Dei tre vulkanane symboliserer dei tre fjellkjedene i landet. Dei to hava er Det karibiske havet og Stillehavet, som ligg på kvar si side av det smale landet. Skipa er handelsfartøy som står for landet si sjøfartshistorie. Skjoldet er innramma av ein krans av gylne kaffibønner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det kostarikanske riksvåpenet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]