Det spanske imperiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det militære flagget til det spanske imperiet fra det 16. århundre til 1843.

Det spanske imperiet var det første verkeleg globale imperiet. Det var òg eit av dei største imperia i verdshistoria. I løpet av 1500-talet var Spania og Portugal leiande i den europeisk utforskinga og kolonielle ekspansjonen og opna handelsruter over verdshava. Handelen blømde over Atlanterhavet mellom Spania og Amerika og over Stillehavet mellom Aust-Asia og Mexico via Filippinane. Conquistadorane felte aztekar og inka-sivilisasjonane og kravde store landområde i Nord- og Sør-Amerika. Ei stund dominerte det spanske imperiet verdshava med den erfarne marinen sin og herska over dei europeiske slagmarkene med sitt frykta og veltrente infanteri, den kjende tercio. Spania opplevde ein kulturell gullalder på 1500- og 1600-talet.

Gull og sølv frå koloniane finansierte den militære evna til Spania under habsburgarane i dei lange rekkjene sine av afrikanske og europeiske krigar. Mellom innlemminga av det portugisiske imperiet i 1580 (mista i 1640) og tapet av dei amerikanske koloniane på 1800-talet, opprettheldt Spania det største imperiet i verda sjølv om det hadde eit vekslande militær og økonomi frå 1640-åra. Konfrontert med nye røynsler, vanskar og lidelse skapt av imperiebygginga, formulerte spanske tenkjarar nokre av dei første moderne tankane om naturrett, suverenitet, folkerett, krig og økonomi, og stilte til og med spurnader om legitimiteten i imperialismen, i relaterte tankeretninger som kollektivt blir kalla Salamanca-skulen.

Eit kart som syner det spanske imperiet i forskjellige tider over ein periode på over 400 år. ██ Territorium av det portugisiske imperiet under den iberiske unionen (1581-1640). ██ Territorium tapt før eller på grunn av Utrectht-traktaten (1713-1714). ██ Territorium tapt før eller under dei spansk-amerikanske frigjeringskrigane (1811-1828). ██ Territorium mista etter den spansk-amerikanske krigen (1898-1899). ██ Territorium mista sjølvstende under avkoloniseringa av Afrika (1956-1976). ██ Gjeldande territorium styrt av Spania.

Konstant friksjon med rivaliserande nasjonar førde til territoriale, kommersielle og religiøse konfliktar som bidrog til sakte nedgang frå midten av 1600-talet. I Middelhavet kriga Spania kontinuerleg med Det osmanske riket, på det europeiske kontinentet vart Frankrike nestan like sterk. I Atlanterhavet vart Spania innleiingsvis utfordra av Portugal og seinare av England og Nederland. Engelsk, fransk og nederlandsk-sponsa piratverksemd, overekspansjon, aukande korrupsjon i styresmakta, økonomisk stagnasjon på grunn av militære felttog og kontinuerleg straum av dyrebare metall, alt medverka til slutt til denne nedgangen. Det europeiske imperiet til Spania vart til slutt avskaffa i Utrecht-traktaten som tok frå Spania dei gjenverande territoria i Italia og Nederlanda. Lukka til Spania vart forbetra etter dette, men landa vart verande ei annangrads stormakt i politikken i det kontinentale Europa.

Men Spania opprettheldt og utvida det store oversjøiske imperiet sitt fram til 1800-talet då sjokket frå halvøykrigen førte til sjølvstendeerklæringar i Venezuela og Paraguay (1811) og etterfølgjande revolusjonar som fjerna område på fastlandet i Amerika. Spania heldt store delar av imperiet sitt i Karibia (Cuba og Puerto Rico), Asia (Filippinane) og Oseania (Guam, Mikronesia, Palau og Nord-Marianane) fram til den spansken-amerikanske krigen i 1898. Spansk deltaking i kappløpet om Afrika var minimal. Spansk Marokko vart halde til 1956 og Spansk Guinea og Spansk Sahara vart halde til høvesvis 1968 og 1975. Kanariøyene, Ceuta, Melilla og andre plaza de soberania er framleis ein del av Spania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]