Devínporten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Devínporten

Devínporten eller Hainburgerporten (ungarsk Dévényi kapu, slovakisk Devínska brána, tidlegare latinsk Porta Hungarica, i Austerrike Hainburger Pforte ) er ein naturleg port i Donaudalen på grensa mellom Slovakia og Austerrike. Formasjonen startar nedanfor Bratislava slott og er 11,5 km lang og 2-7 km brei. Sjølve porten starta nedanfor Devín slott og endar nær Hundsheimer Berg i Austerrike, på høgrebreidda i Donau.

I Slovakia er porten ein del av Dei vesle Karpatane.

Området har vore busett sidan førhistorisk tid og fleire borger er bygd her, som Hainburg borg, Devín borg og Bratislava slott.

Passau, Devínporten og Jernporten deler Donau inn i fire særskilde delar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°10′30.29″N 16°58′42.96″E